Fyllitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fyllitt
Fotomikorograf av tynne delar av fylitt.

Fyllitt eller leirglimmerskifer er ein bergart som har oppstått ved omdanning eller metamorfose av leirskifer. Han liknar på glimmerskifer, men er ikkje så sterkt omvandla som denne. Dei nydanna mineralkorna er mikroskopiske. Fyllitt består hovudsakleg av muskovitt, kloritt og kvarts. Han skil seg frå leirskifer ved fløyelsaktig glans og større seigheit. Fyllitt vert nytta takskifer når han har ein plan og jamn skifrigheit.

Han er særs utbreidd i Noreg og dei fleste førekomstane er frå ordovicium, men alderen er vanskeleg å avgjere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fyllitt. (2013, 16. september). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/fyllitt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]