Gabriel Lamé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriel Lamé

Fødd22. juli 1795
Tours
Død1. mai 1870
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdematematikk, mekanikk, fysikk, partiell differensialligning
Yrkematematikar, fysikar, gruveingeniør, professor, universitetslærar
InstitusjonarÉcole polytechnique
Universitetet i Paris
Alma materÉcole polytechnique
École nationale supérieure des mines de Paris
Lycée Louis-le-Grand
MedlemSociété philomathique de Paris
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino
Corps des mines

Gabriel Léon Jean Baptiste Lamé (22. juli 17951. mai 1870) var ein fransk matematikar og ingeniør.

Han arbeidde ei tid i russisk teneste. I 1832 vart han professor ved École polytechnique, og frå 1851 til 1862 var han professor i sannsynsrekning ved Faculté des sciences. Han deltok i bygginga av dei første franske jernbanane. Dei matematiske arbeida til Lamé omhandla først læra om algebraiske kurver, før han trekte meir mot fysiske problem som varmelære og elastisitetslæra, der han har gjeve dei viktigaste bidraga sine. Ein type funksjon som først vart nytta i eit problem i varmelæra, har namn etter Lamé. Han gjorde òg viktige arbeid med Fermat-satsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Gabriel_Lamé» i Store norske leksikon, snl.no.