Gadaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Professor Asmerom Legesse i Gadaa-klednad. Det karakteristiske hovudplagget indikerer ei leiarrolle.

Gadaa er eit tradisjonelt samfunnssystem for oromoane i Etiopia og Kenya. Det dreiar seg om eit heilskapleg system som omfattar sosiale, kulturelle, politiske og miljømessige sider ved nasjonen til oromoane. I 2016 blei gadaa ført opp på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv.[1][2][3]

Gadaa er organisert i fem klassar; av desse har ein klasse rolla som den herskande. Denne klassen har leiar, funksjonærar og ei forsamling. Kvar klasse gjennomgår fleire gradar før han kan fungere i si leiande rolle. Rolla som den leiande klassen rullerer kvart åttande år. Medlemmar av klassen kan vere menn som har fedrar som er medlemmar av klassen. Kvinner blir konsulterte i spørsmål som gjeld rettane til kvinner.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Deribie M. Demmeksa (2. mars 2022). «Introduction to the Gadaa System with Deribie M. Demmeksa». OROMO LEGACY LEADERSHIP & ADVOCACY ASSOCIATION (på engelsk). Henta 18. juni 2023. 
  2. Hafte T. Tilahun (5. oktober 2000). «Hvem er oromoene?». Troms Folkeblad. Henta 18. juni 2023. 
  3. 3,0 3,1 «UNESCO - Gada system, an indigenous democratic socio-political system of the Oromo». ich.unesco.org (på engelsk). Henta 18. juni 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gadaa