Oromo
Oromo (Afaan Oromo, Oromiffaa) | ||
Klassifisering: | Afroasiatisk Kusjittisk Aust | |
Bruk | ||
Tala i: | Etiopia, Kenya | |
Område: | Oromia | |
Oromotalande i alt: | 30 millionar | |
Rangering: | 91 | |
Skriftsystem: | fidel, arabisk, latinsk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | om | |
ISO 639-2: | orm | |
ISO 639-3: | orm | |
Wikipedia på oromo |
Oromo er eit afroasiatisk språk som framfor alt blir snakka i Etiopia, men også i dei nordlage delane av Kenya og i Somalia. Oromo har omtrent 30 millionar talarar, det gjer det til det tredje største språket i Afrika, etter arabisk og hausa.
Oromo kan delast inn i seks hovuddialektar, som skil seg så mykje frå kvarandre at talarane ikkje alltid forstår kvarandre. Dialektane er midt-oromo, aust-oromo, orma, garreh, sanje og boorana. Trass i dei språklege skilja er den etniske identiteten sterk, alle ser på seg sjølv som oromoar som snakkar oromo.
Oromo var eit undertrykt språk både under Haile Selassie og seinare under Dergen og Mengistu Haile Mariam. Då Mengistu vart styrta fekk oromaoane språklege rettar i sentrale og sørlege Etiopia, og til ein viss grad skolegang på omoro. Amharisk er framleis Etiopias første offisielle språk og undervisningsspråk på høgskolane i oromoområda, men oromo er i bruk i folkeskolen, og radiosendingar på oromo er svært populære.
Oromo er i relativt nær slekt med somali, men språka er ikkje forståelege seg i mellom.
Innhaldsliste
Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]
Oromo har sidan 1991 brukt eit skriftspråk basert på det latinske alfabetet kalla qubee. Tidlegare brukte dei både geez-skrifta (fidel) og det arabiske alfabetet. Etter at qubee vart teke i bruk har produksjonen av tekstar på oromo vorte mangedobla.[1]
Her er oromo-alfabetet, med uttale i klammeparentes:
a b c=[tʃ’] ch=[tʃ] d dh e f g h i j k l m n ny=[ɲ] o p ph=[p’] q=[k’] r s sh=[ʃ] t u v w x=[t’] y [j] z=[z]
Bokstavane c, ph, q, x er ejektivar, som blir uttalt med å auke lufttrykket i munnen med å lukke stemmebanda og munnen samtidig før konsonantopninga.
Fonologi[endre | endre wikiteksten]
Oromo har fem korte og fem lange vokalar, dei lange er markert i skrift med dobbelskriving, som i finsk. Språket har til dømes skilnader som hara 'innsjø', haaraa 'ny'. konsonantlengd er også distinktiv, til dømes badaa 'dårleg', baddaa 'høgland'.
Nedanfor ser vi IPA-symbol der dei er ulike oromo-bokstavane. Fonane /p/, /v/ and /z/ står i parantes fordi dei finst berre i nye lånord.
Bilabialar/ labiodentalar |
Alveolarar/ retrofleksar |
Palato-alveolarar/ palatalar |
Velar | Glottal | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Stoppelydar | Ustemt | (p) | t | k | ' [ʔ] | |
Stemt | b | d | g | |||
Ejektiv | ph [p'] | x [t'] | q [k'] | |||
Implosiv | dh [ɗ] | |||||
Affrikatar | Ustemt | ch [ʧ] | ||||
Stemt | j [ʤ] | |||||
Ejektiv | c [ʧ'] | |||||
Frikativar | Ustemt | f | s | sh [ʃ] | h | |
Stemt | (v) | (z) | ||||
Nasalar | m | n | ny [ɲ] | |||
Approksimantar | w | l | y [j] | |||
Flap/trill | r |
Fremre | Sentral | Bakre | |
---|---|---|---|
Høg | i [ɪ], ii [i:] | u [ʋ], uu [u:] | |
Midtre | e [ɛ], ee [e:] | o [ɔ], oo [o:] | |
Låg | a [ʌ] | aa [ɑ:] |
Grammatikk[endre | endre wikiteksten]
Substantiva i oromo har to genus, maskulinum og femininum. Maskuline substantiv endar på a og feminine på u. Ord på andre vokalar eller på konsonant kan vere både maskuline og feminine (konsonantfinale ord er lånord). Adjektiv kongruerer med substantiva i genus og numerus.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Oromo-engelsk ordbok (wwww.oromodictionary.com)
- [http://www.shenpres.org/FellowshipICare/Oromifa.htm Oromo-ordliste som illustrerer lydane i språket (www.shenpres.org)
- Oromo. Skildring ved PanAfriL10n
- HornMorpho: software for skriving av oromo
- Voice of America som mellom anna kringkastar på oromo].
Referansar[endre | endre wikiteksten]
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Griefenow-Mewis, C. and Tamene Bitima (1994) Lehrbuch des Oromo. Köln: Rüdiger Köppe Verlag.
- Mohammed Ali, Zaborski, A. (1990) Handbook of the Oromo Language. Wroclaw, Poland: Polska Akademia Nauk.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Finsk og engelsk wikipedia.