Gaeta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaeta

Gaeta er ein hamneby og ein kommune i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 21 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 29,2 km². Byen ligg 130 km søraust for Roma, og er ein mykje søkt badeby i tida april-oktober.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Med si naturlege hamn er Gaeta kjend frå oldtida. I det fjerde hundreåret før Kristi fødsel kom byen under Romarriket. Etter romartida var Gaeta ei tid ein sjølvstendig bystat. Frå 800-talet var byen under kontroll av stendig skiftande herskarar. Frå 1135 rådde kongedømmet Sicilia over Gaeta, sidan kongedømmet Napoli.

Austerrike styrte byen etter omleiringa av Gaeta i 1707, medan Frankrike tok byen gjennom omleiringa av Gaeta i 1734. Austerrike frigjorde byen frå det franske herreveldet i 1815. I november 1848 slo paven seg ned i Gaeta, etter å ha rømt frå det revolusjonære Roma. Fyrst 10 månader seinare vende han tilbake til Vatikanet.

Kong Frans av Begge Siciliar heldt til i Gaeta då han i februar 1861 overgav seg til styrkane til den italienske hærføraren Giuseppe Garibaldi, noko som innleia samlinga av Italia. Frå den tida og fram til 1940 opplevde Gaeta ei tid med stor vekst.

Utsyn over Gaetabukta med Gaeta i bakgrunnen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]