Giuseppe Garibaldi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Giuseppe Garibaldi
Giuseppe Garibaldi (1866).jpg
Fødd4. juli 1807
Nice
Død2. juni 1882
Caprera
Statsborgar avKongedømet Sardinia, Riograndense Republic, Kongedømet Italia, Den tredje franske republikken, Det første franske keiserdømme
PartiThe Extreme, Historiske venstre, Partito d'Azione, La Giovine Italia, Action Party
Yrkepolitikar, skribent, sjølvbiograf, motstandskjemper
EktefelleAnita Garibaldi, Giuseppina Raimondi, Francesca Armosino
BarnRicciotti Garibaldi, Rosa Garibaldi, Teresa Garibaldi, Clelia Garibaldi, Manlio Garibaldi, Rosita Garibaldi, Anita Garibaldi, Menotti Garibaldi

Giuseppe Garibaldi (4. juli 18072. juni 1882) var ein italiensk geriljaleiar og nasjonalist. Han var ein av dei mest sentrale personane i samlinga av Italia. Han vart fødd i Nice i Frankrike, og døydde i Caprera i Italia.

Garibaldi var frontfigur for Risorgimento, den italienske rørsla for nasjonal sameining. På den tida var den apenniniske halvøya delt opp mellom ei rekke statar, mellom anna Kyrkjestaten og kongeriket Begge Siciliar. Han var under innflyting av Giuseppe Mazzini, ein leiande italiensk nasjonalistisk teoretikar. Etter å ha delteke i eit mislukka opprør i Piemonte i 1834, vart Garibaldi dømd til døden, men lukkast i å flykta til Sør-Amerika.

Garibaldi vende attende til Europa i revolusjonsåret 1848. Han samla ein geriljahær som vart nedkjempa. Etter dette vart han tvungen til å forlata heimlandet på nytt, som han først vende attende til i 1854. Seks år seinare innleia Garibaldi ei kampanje for militær erobring av Sicilia og Napoli, og utropa seg etter sigeren på Sicilia til diktator i Viktor Emmanuel II sitt namn. Kort tid etter lukkast det å sigra over hæren til kongeriket Napoli.

Garibaldi sin innsats leia til slutt til grunnlegginga av kongeriket Italia.