Galaktose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturen til D-galaktose

Galaktose er eit monosakkarid og ein aldoheksose. Det finst ikkje i fri tilstand i naturen, men er med i mange viktige naturstoff som mjølkesukker, raffinose, ymse polysakkarid og mange glykosid.

Galaktose har vert noko nytta i medisin og organisk syntese. Det har eit smeltepunkt på 165–168 °C.

Arvelege lyte i to av enzyma i galaktosemetabolismen er relativt vangleg og fører til galaktosemi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«galaktose» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 7. februar 2016.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.