Medisin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Staven til Asklepios er eit vestleg symbol for legevitskapen

Medisin er eit omgrep ein kan forstå på to ulike måtar. Det viser til vitskapen og yrket til legar, og til lækjemiddel eller medikament.

Den første tydinga av ordet viser til kunnskap om å diagnostisere, behandle, kurere og hindre sjukdom, lindre smerte og betre og vedlikehalde helse, og det å praktisere denne kunnskapen. Den andre tydinga av ordet viser til eit stoff som kan brukast med liknande føremål.

Retningar innan medisinsk kunnskap[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei rekkje ulike retningar innan medisin. Denne artikkelen omtalar medisin som vitskap slik den vert praktisert i Europa og Nord-Amerika, den læra som også vert kalla skolemedisin i den hippokratiske tradisjonen. Det finst velutvikla medisinske system i andre delar av verda, som til dømes tradisjonell kinesisk medisin (TKM) og den ayurvediske skolen som opphavleg kjem frå India. Andre tilnærmingar finst i naturmedisin, tradisjonsmedisin eller folkemedisin.

Medisin i tablettform.

Grupper av medisinske middel[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vert medisinar delte inn i tre grupper. Det er legemiddel (medikament), naturlegemiddel og naturmiddel. Dei to første vert godkjende og kontrollert av Statens Legemiddelverk.

For meir om substansar som vert brukte i pasientbehandling, sjå legemiddel og farmakologi.

Vestleg medisinsk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

(Vestleg) medisin har to aspekt: både som eit fagfelt (ein vitskap) og nytting av denne kunnskapen (medisinske yrke som til dømes lækjar eller kirurg). Evidensbasert medisin (EBM) er eit forsøk på å knytte saman desse to aspekta gjennom å bruke vitskapelege metodar og teknikkar.

Dei ulike spesialfelta av den naturvitskapelege medisinen korresponderer med tilsvarande spesialiserte medisinske yrker som jobbar med spesifikke organ eller sjukdommar. Det kan difor vere vanskeleg å skilje mellom vitskapen og yrket.

Medisinens historie[endre | endre wikiteksten]

Medisinsk vitskap og medisinske yrker[endre | endre wikiteksten]

Influensavirus er interessante for fleire greiner av legevitskapen.

Utøvinga av eit moderne helsevesen er avhengig av ein aukande gruppe av høgt utdanna fagfolk som må jobbe saman. Lækjarar har mange spesialiseringar og underspesialiseringar som vert lista opp lenger nede i denne artikkelen. Odontologi (tannhelsevitskap) og psykologi vert sett på som separate disipliner frå medisinen, men er ofte sett på som medisinske fagfelt etter ein breiare definisjon av ordet. Yrkesutøvare som sjukepleiarar og jordmødrer behandlar også pasientar og skriv ut medikament i enkelte land. I Noreg kan blant anna tannlækjarar skrive ut antibiotika og svakare smertestillande. Det moderne helsevesenet er avhengig av mange yrkesgrupper, blant dei sjukepleiarar, laborantar, farmasøytar, fysioterapeutar, logopedar, ernæringsfysiologar og bioingeniørar.

Grunnlaget for vitskapen for den menneskelege medisinen overlappar veterinærmedisinen.

Grunnleggjande, supplerande og relaterte vitskapar[endre | endre wikiteksten]

Anatomi er studiet av den fysiske strukturen til organismar. I motsetning til den makroskopiske anatomien, er cytologi og histologi meir opptatt av mikroskopiske strukturar.
Biokjemi er studiet av dei kjemiske prosessane i levande organismar, især strukturen og verknaden av deira kjemiske komponentar.
Bioetikk er eit felt som er opptatt av forholda mellom biologi, vitskap, medisin og etikk, filosofi og teologi.
Biostatistikk er i sin vidaste tyding brukt om statistikk i biologiske fagfelt. Kunnskap i biostatistikk er essensielt i planlegginga, evalueringa og tolkinga av medisinsk forsning. Det er også grunnleggjande i epidemiologien og evidensbasert medisin.
Cytologi er det mikroskopiske studiet av individuelle celler.
Embryologi er studiet av den tidlege utviklinga av organismar. Human embryologi handlar om utviklinga av fosteret frå kjønnscellar til fødsel.
Epidemiologi er studiet av demografien (utbreiinga) av sjukdomsprosessar og inkluderer - men er ikkje avgrensa til - studiet av epidemiar.
Farmakologi er studia av medikament og deira verknad.
Fysiologi er studiet av den normalt fungerande kroppen.
Genetikk er studiet av genar, og deira rolle i biologisk arv.
Histologi er studiet av strukturar i biologisk vev med lysmikroskop, elektronmikroskop og histokjemi.
Immunologi er studiet av immunsystemet, som til dømes inkluderer både det medfødde og erverva immunsystemet i mennesket.
Mikrobiologi er studiet av mikroorganismar, inkludert protozoa, bakteriar, sopp (fungi) og virus.
Nevrovitskap er eit samla omgrep på dei vitskapelege disiplinar som er relatert til studiet av nervesystemet. Eit hovudfokus ved nevrovitskap er biologien og fysiologien til den menneskelege hjernen.
Patologi er studiet av sjukdommar - årsakene, utviklinga, forløpet og resultatet/etterverknadene.
Toksikologi er studiet av skadeverknadene frå medikament og forgiftingar.

Diagnostikk[endre | endre wikiteksten]

MRI-bilete av ein menneskehjerne.
Kliniske laboratorievitskapar er dei kliniske diagnostiske tenestene som bruker laboratorieteknikkar til diagnostisering og behandling av pasientar. Dei fleste av desse tenestene er leia av lækjarar. Det er som regel teknisk personale som utfører sjølve testane, medan lækjarane deltar i analyse av prøvesvara før resultata sendast til rekvirenten.
Blodbank eller transfusjonsmedisin er opptatt av blodoverføringar og blodkomponentar.
Cellulær patologi handlar om diagnostisering ved bruk av prøver frå vev og celler til pasienten (biopsi) ved å nytte histologiske eller cytologiske metodar.
Klinisk kjemi er opptatt av å diagnostisere ved hjelp av biokjemiske analysar av blodet, kroppsvæsker og vev.
Hematologi vedrørar diagnosering ved å sjå på endringar i den cellulære samansetjinga av blod og beinmarg så vel som koagulasjonssystemet til blodet.
Klinisk mikrobiologi går på in vitro diagnostisering av sjukdommar forårsaka av bakteriar, virus, sopp og parasittar.
Klinisk immunologi handlar om forstyrring av immunsystemet og er relatert til kroppens forsvarsmekanismar. Det omhandlar også diagnostisering av allergi.
Klinisk nevrofysiologi er eit laboratoriefag der ein arbeider med diagnostikk av sjukdommar i nervesystemet og i musklar; vesentleg med elektrofysiologiske metoder.
Radiologi omhandlar bilettaking av menneskekroppen, til dømes røntgen, ultralyd, CT og MR.
Intervensjonsradiologi er bruk av avbilding av menneskekroppen - vanlegvis frå CT, ultralyd eller fluoroskopi - til å gjere biopsiar, plassere enkelte tubar og utføre intravaskulære prosedyrar.
Nukleær medisin bruker radioaktive substanser for in vivo og in vitro diagnostisering ved enten å avbilde lokaliseringen av radioaktive substansar administrert til pasienten, eller ved å bruke in vitro diagnostiske tester som nyttiggjer seg av radioaktive substansar.

Disiplinar i klinisk medisin[endre | endre wikiteksten]

Anestesiologi er den kliniske disiplinen som omhandler å gje anestesi (bedøving/smertestiljande) så vel som forskningsfeltet assosiert med det.
Dermatologi innbefatter hud og hudsykdommer. Herunder går også kjønnssjukdommar.
Akuttmedisin går på diagnose og behandling av akutte og ofte livstruande tilstandar, inkludert traume, kirurgiske, medisinske, pediatriske og psykiatriske nødstilfelle.
Allmennmedisin er eit omgrep på fagfeltet til fastlækjaren i allmennpraksis. Feltet går inn på dei fleste sjukdommar som lækjaren møter i allmennpraksis og behandlingen av desse.
Intensivmedisin omhandlar behandling av pasienter med seriøse og livstruande sjukdommar eller skader. Intensivmedisin tar i bruk invasive diagnostiske teknikker og (mellombels) utbytting av organfunksjoner ved nytting av tekniske hjelpemidler.
Indremedisin omhandler sjukdommar i dei indre organ og systemiske sjukdommar (sjukdommar som affiserar heile kroppen). Det er fleire underspesialitetar i indremedisin:
Kardiologi går på hjartet og det kardiovaskulære system (hjarte-blodomløpet) og tilhøyrende sjukdommar.
Klinisk farmakologi er opptatt av korleis behandlingformer samverkar med pasientar.
Gastroenterologi omhandlar fordøyelsessystemet, organer i dette systemet og sjukdommar i desse.
Endokrinologi omhandlar det endokrine system, det vil seie endokrine (hormonproduserande) kjertlar og hormon.
Haematologi eller hematologi handlar om blod og blodsjukdommar.
Infeksjonsmedisin går på studiet av, diagnostiseringen og behandlingen av infeksiøse sjukdommar.
Nefrologi omhandler nyresjukdommar.
Onkologi er fagfeltet som studerer, diagnostiserer og behandler kreft og andre maligne (vondarta) sjukdommar.
Pulmonologi går på lungesjukdommar og respirasjonssystemet som heilhet.
Revmatologi omhandlar diagnostiseringen og behandlingen av revmatiske sjukdomar.
Nevrologi er opptatt av diagnostisering og behandling av sjukdommar i nervesystemet.
Obstetrikk og gynekologi (OB/GYN) omhandlar høvesvis barnefødslar og dei reproduktive og assosierte organa til kvinna.
Pediatri er eit fagfelt som omfattar behandling av spedbarn og barn og sjukdommar hos desse.
Fysikalsk medisin og rehabilitering befatter seg med funksjonell forbetring etter skade, sjukdom eller medfødte abnormalitetar.
Preventiv medisin
Arbeidsmedisin
Offentleg helsevesen
Psykiatri er ein grein i medisinen som studerer og behandlar mentale og emosjonelle forstyrringar.
Psykoterapi -- Klinisk psykologi
Stråleterapi går på terapeutisk bruk av ioniserende stråling og høgenergi elementærpartikkelstrålar i behandling av pasientar.
Bilete av retinaen i eit auge.
Kirurgiske spesialitetar
Det er mange medisinske disipliner som nyttar seg av operativ behandling. Somme av desse er meget spesialiserte og blir ofte ikkje sett på som underdisipliner av kirurgi, sjølv om namnet skulle tilseie det.
Generell kirurgi er kirurgi på huda med bestandelar, skjønt nå generell abdominell (i mageregionen) kirurgi og diverse andre kirurgiske prosedyrar.
Kardiovaskulær kirurgi er den kirurgiske spesialiteten som omhandlar hjartet og dei store blodårene i brystet.
Karkirurgi er kirurgi av blodårer, vanlegvis utanfor brystkassen.
Nevrokirurgi omhandlar den operative behandling av sjukdommar i nervesystemet.
Oralkirurgi er eigentleg ein subspesialitet i odontologi, og går på kirurgi i munnregionen.
Oftalmologi går på øyesjukdommar og behandlingen av desse.
Ortopedi går på muskel-skjelettproblem.
Øyre-nase-hals-medisin (gr. othorhinolaryngologia).
Pediatrisk kirurgi
Plastikkirurgi inkluderer estetisk kirurgi (operasjoner som vert gjort for anna enn medisinske formål) så vel som rekonstruktiv kirurgi (operasjoner for å få tilbake funksjon og/eller utsjånad etter traumeskadar eller operative feilgrep) eller retting på medfødte defekter.
Thoraxkirurgi er kirurgi i brystet, vanlegvis relatert til lungesjukdommar.
Urologi fokuserer på urinvegen hos kvinner og menn og reproduksjonssystemet hjå mannen.

Medisinsk utdanning[endre | endre wikiteksten]

Medisinsk legeutdanning er rekna som ein langt og krevjande studie. I Noreg tek det 6 år med universitetsutdaning (ofte utvida med ein valtermin på 0,5 år) og 1,5 år med turnusteneste. Ein kan studere medisin ved universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim (NTNU) og Tromsø. Opptaket til profesjonsstudiet er basert på primærvitnemål (opptil 68 poeng) frå vidaregåande skule og ordinærvitnemålet (opptil 80 poeng), som er eit primærvitnemål med eit avgrensa tal ekstrapoeng gjeve for høgare utdanning og/eller arbeidserfaring i helsevesenet. Poengkravet er svært høgt samanlikna med andre studie: om lag 60-62 poeng på primærvitnemålet og 68-72 poeng på ordinærvitnemålet. I nokre land som til dømes USA må ein først ta ein lågare grad før ein kan søkje seg inn på sjølve embedsstudiet. Etter fullført universitetsutdaning skal ein ut i turnusteneste, som er løna og består av eit år ved eit sjukehus og eit halvt år i allmennpraksis. Medisinstudentane vert titulerte stud.med.

I Noreg gjev embedsstudiet graden cand.med. (candidatus/candidata medicinae). I USA får ein graden 'Doctor of Medicine' (forkortet 'M.D.'), i Tyskland er det vanleg å avslutte med den lågare profesjonsdoktorgraden 'Doktor der Medizin' (Dr. Med.), medan i andre land som Storbritannia bruker ein omgrepet 'Bachelor of Medicine/Bachelor of Surgery' (forkorta 'M.B.B.S.' eller 'M.B.B.Ch.'). Medisinstudiet er korkje formelt eller prinsipielt eit master-studium, sidan det ikkje involverer eit større, uavhengig arbeid; ein skal til gjengjeld skrive ei særoppgåve.

Etter fullført turnus, kan ein i Noreg ta jobb i allmennpraksis eller ein kan ta jobb som assistentlege på et sjukehus. Ein kan då også gå over til å spesialisere seg, noko som kvalifiserar til overlegestilling. Ein kan også utdanne seg i ei akademisk retning ved å ta ein doktorgrad. Mange leger vel å gjere begge delar (over tid). Det skal nemnast at dei fleste som har doktorgrad i Noreg tok den før kvalitetsreformen og er difor titulerte dr. med (doctor medicinae). Dette er ikkje det same som den tyske graden Dr. Med. (Doktor der Medizin), som er profesjonsretta.


Medisinsk arbeidsmarknad[endre | endre wikiteksten]

Berekningar gjort av forskningsavdelinga til Statistisk sentralbyrå viser at mangelen på hjelpepleiarar og tannlækjarar vil fortsette å auke fram mot år 2020. Ein vil òg trenga fleire psykologar, ergoterapeutar og vernepleiarar. I dei store byene med utdanningsinstitusjonar kan det vere vanskeleg å rekruttere spesialistar. Operasjonssjukepleiare er ei gruppe som det vert færre av. Regionalt kan det vere utfordringar i å tilsette helsepersonell, spesielt i små utkantkommunar.

Juridiske restriksjonar[endre | endre wikiteksten]

I dei fleste land er det forbode å praktisere medisin utan korrekt utdanning i det fagfeltet, og lækjarar må ha autorisasjon for å utøve yrket sitt. Det er Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som vurderer om lækjarar har opptrådt uaktsomt og bør miste lisensen sin.

Medisinske institusjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Medisin