Galizia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Galizia (ukrainsk Галичина, polsk Galicja, tysk Galizien, også Raudrussland) er ein historisk region i det sentrale Europa, sidan 1945 delt mellom Ukraina (til 1991 Sovjetunionen) og Polen.

Kongeriket Galizia 1914

I Austerrike: Galizia og Lodomeria[endre | endre wikiteksten]

Ved Polen-Litauen sine første og tredje delingar, i 1772 og 1795, utgjorde Austerrike den tredje parten saman med Russland og Prøyssen. Av dei polske områda som Austerrike fekk, vart Kongeriket Galizia og Lodomeria (på ukrainsk Halychyna i Volodmyria), som utgjorde det nordlegaste kronlandet innanfor det habsburgske riket frå 1772 til 1918. Staden Lemberg (Lviv) var landet sin hovudstad.

I året 1863 braut det ut opprør i dei russiske delane av Polen. I dei austerrikske delane var det unntakstilstand 1864 - 1865. Tilstanden i Galizia og Lodomeria var betre enn i dei russiske og prøyssiske delane av Polen. I 1873 vart Galizia og Lodomeria de facto ein autonom provins i Austerrike (det høyrde til elles den austerrikske delen av riket etter delinga i Austerrike og Ungarn i 1867). Polsk vart kronlandet sitt offisielle språk attmed tysk, medan ukrainsk (og yiddish) ikkje vart anerkjende. Frå 1880-talet og framover var emigrasjonen betydeleg, først til Tyskland, sidan til USA, Brasil og Canada.

Første verdskrigen: Konfliktar i Galizia[endre | endre wikiteksten]

Under første verdskrigen vart Galizia skodeplass for heftige stridar mellom Austerrike-Ungarn og Tyskland på eine sida og Russland på den andre. I 1914 erobra Russland store delar av landet, men i 1915 kom ein motoffensiv som innebar at landet på ny vart kontrollert av austerrikarane.

I 1918 vart Vest-Galizia innlemma i det restaurerte Polen medan den austlege, ukrainsk-befolka delen kortvarig utgjorde den sjølvstendige staten Den vest-ukrainske folkerepublikken. Under den polsk-sovjetiske krigen (1919 - 1921) vart den Galiziske SSR mellombels skipa som del av Sovjet-Russland. Men krigen fekk det utfallet vart at heile Galizia (føre dette kronlandet Galizia og Lodomeria) vart innlemma i Polen 1921, og dette faktum vart internasjonalt anerkjent i 1923 (trass i ukrainske protestar). Ukrainarane i Galizia utgjorde saman med ukrainarane i Volhynia nær 15 % av Polen si befolkning i mellomkrigstida. Tilhøvet mellom polakkar og ukrainarar vart gradvis dårlegare i denne tida, mykje pga den polske staten sin politikk mot minoritetsgrupperingar.

Andre verdskrigen: Galizia blir delt[endre | endre wikiteksten]

Molotov-Ribbentrop-pakta i 1939 innebar for Galizia sin del at landet vart delt i to halvdelar (nokolunde langs den etniske grensa mellom polakkar og ukrainarar). Den vestlege delen vart ein del av Generalguvernementet i det nazistiske tyske riket medan den austlege delen vart innlemma i Den ukrainske SSR i Sovjetunionen. I begge delane vart den polske befolkninga hardt ramma av forfølgingar. I 1941 hamna heile Galizia under tysk okkupasjon da tyskarane gjekk til åtak på Sovjetunionen 22. juni 1941 (Operation Barbarossa). Heile Galizia utgjorde "distriktet Galizia" i Generalguvernementet fram til Den raude arméen sitt inntog i området i årsskiftet 1944/1945. Før frigjeringa vart den store jødiske befolkninga i området mesta heilt utrydda av nazistane og hjelparane deira.

Under krigen var motsetningane mellom polakkar og ukrainarar framleis store. I åra 1944-1947 gjorde så vel ukrainarar som polakkar forsøk på etnisk reinsing i området med gjensidige overgrep. Sidan 1945 er landet på ny delt mellom Polen og Sovjetunionen (1945-1991)/Ukraina (1991-).

Nokre galiziske byar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]