Gallowayfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gallowayku og -kalv

Gallowayfe er ein britisk kjøtferase som stammar frå Galloway i Sørvest-Skottland.

Rasen er naturlig kollete. Mulepartiet er breitt. Pelsen er tradisjonelt svartbrun, men dyra kan ha fleire fargevariantar. Gallowayfe har under- og ytterpels med lange dekkhår og krøllete ullen underpels, som isolerer mot både kulde og varme. Dekkhåra verker vassavvisande. Halsen er kort. Bekkenet er breitt, og føtene er korte og robuste. Den skotske opphavlege varianten er noko mindre enn den amerikanske. Oksar av den skotske varianten veg omkring 700–800 kg, medan kua veg omkring 400–450 kg. Fødselsvekta til kalvane ligg på 25–32 kg.

Gallowayfe er rolege og lette å omgåast. Om dei oppfattar eit trugsmål held flokken seg samla og danna felles front mot fienden. Feet er i stand til å fordøya store mengder av næringsfattige vekstar som lyng.

Ved slakting gjev gallowayfe høge kjøtprosentar. Dyra veks sakte. Ein okse bruker ca. 18 månader på å bli mogen for slakt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]