Hopp til innhald

Galtefjorden

Koordinatar: 70°42′9.6264″N 22°40′22.926″E / 70.702674000°N 22.67303500°E / 70.702674000; 22.67303500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

70°42′9.6264″N 22°40′22.926″E / 70.702674000°N 22.67303500°E / 70.702674000; 22.67303500

Galtefjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hasvik
Kart
Galtefjorden
70°42′10″N 22°40′23″E / 70.702674°N 22.673035°E / 70.702674; 22.673035

Galtefjorden (samisk Gálltavuotna) er ein fjord på nordsida av Sørøya i Hasvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 14 km sørover til garden Børstrand i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Skarvnæringen i vest og Presten i aust. Flatøy er ei lita øy som ligg ved austsida av fjorden. Her går Jektefjorden nordaustover. Fjorden har fleire bukter og viker og inst i fjorden deler han seg i tre små fjordarmar. Dønnesfjorden ligg lengst vest, Børfjorden går vidare sørover, medan Nordfjorden går søraustover. Fjorden er 202 meter på det djupaste, mellom Innervoksen i vest og Skarvskjer i aust.

Det einaste busetnadane ligg i Dønnesfjorden og Børfjorden.