Gameshow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gameshow med amerikanske marinegastar

Gameshow er ein type radio- eller fjernsynsprogram der deltakarar konkurrerer om å vinna premiar eller heider og ære.[1] Konkurransane vert gjerne gjennomførte ved hjelp av rundar baserte på kunnskap, gjetting, fysiske utfordringar eller liknande. Det er store skilnader på ulike typar slike program i verda, der ein går frå det enkle spørjeprogrammet Mastermind til meir ekstreme utfordringar.

Gameshow-sjangeren har òg vorte ein av dei store eksportartiklane innan tv-konsept, der spesielt amerikanske og britiske konsept har vorte produsert i lokale variantar over store delar av verda. Amerikanske konsept, som til dømes Wheel Of Fortune, har hatt suksess i heimlandet gjennom ei årrekkje.

Norske gameshow[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste norske gameshowsuksessen var Kvitt eller dobbeltNRK som fyrst vart sendt i 1961. Den fyrste suksessen på ein kommersiell kanal var Casino, som gjekk på TVNorge med Hallvard Flatland som programleiar.

Mange av dei norske versjonane av denne programtypen er basert på konsept laga i andre land. Døme på dette er Vil du bli millionær?, Deal or No Deal med fleire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «gameshow - Det Norske Akademis ordbok». www.naob.no (på norsk). Henta 9. februar 2020.