Gammastrålingskonstant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gammastrålingskonstanten med symbol Γ, er ein faktor som angjev tilhøvet mellom eksposisjonsraten for γ-stråling frå ei kjelde i ein meters avstand frå han, og aktiviteten av kjelda. Konstanten er avhengig av stoffet i kjelda. Han blir brukt i strålingsfysikk og strålingsmedisin for å berekne verknaden (eksposisjonen) av ei strålekjelde med kjend aktivitet. Γ blir angjeve i SI-einingar i (coulomb m²)•(kg becquerel s) eller i eldre einingar i (røntgen m²)•(kg mikrocurie time). 1 (R m²)•(kg µCi h) = 1,93•10–12 (C m²)•(kg Bq s).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]