Becquerel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Becquerel er ei avleia SI-eining for måling av radioaktivitet. Symbolet for becquerel er Bq.

1 bequerel er definert som radioaktiviteten av eit materiale der det skjer 1 desintegrasjon per sekund, eller utsending av 1 partikkel per sekund. Det vil seie at 1 Bq = 1 s-1. Denne aktiviteten er låg, og ofte blir einingar som kBq, MBq, GBq brukt til måling av radioaktiv forureining, konsentrasjon av radioaktivt materiale, dosering av radioaktive legemidler med meir.

Becquerel vart vedteken som SI-eining i 1975 og erstatta eininga curie, Ci (1 Ci = 3,7·1010 Bq).

Mengda becquerel viser berre mengda strålekvantar eller partikler som vert sendt ut. For å bestemme verknaden av strålinga (som vert målt i gray eller sievert), må ein òg vite kva type stråling som vert sendt ut og kva energi strålinga har, eller kva radionuklide (radioaktiv nuklide) som stråler. Til dømes er den biologiske verknaden kring 80 gonger så stor for strålinga frå 240Pu som frå 137Cs, og 80 gonger så stor for strålinga frå 137Cs som frå 3H for like mange becquerel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]