Gangart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gangartar hos dyr)
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå gangart i gruver.
Gonge hjå elefant.
Springangde bison.

Gangart er dyr sine ulike måtar å gå eller løpe på. Ein skil for eksempel mellom passgang og diagonalgang. Ordet gangart blir særleg brukt om hestar og korleis dei bevegar seg.

Menneska sine viktigaste gangartar er gonge og lauping. Det blir i så måte arrangert konkurransar både i kappgang og løp.

Gangartar hos hestar[endre | endre wikiteksten]

Alle hestar har dei tre hovudgangartene skritt, trav og galopp. I tillegg til desse har islandshestar tølt («flygande skritt») og pass. Amerikanske hesterasar har mange ulike gangartar, blant anna «fox trott» og «running walk».

Hestar konkurrerer i mange ulike gangartar.

Det blir arrangert kappriding i galopp, galoppløp. Det blir også arrangert køyrekonkurransar, mellom anna som travløp. Både galoppsport og travsport er populære som veddeløp.

I dressurriding skal hesten vise at den meistrar dei tre hovudgangartane, i tillegg til å utføre andre moment.

For islandshestar blir det arrangert konkurransar som går ut på å vise fram dei 5 ulike gangartane som islandshesten har.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]