Gangotri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gangotri (गंगोत्री)
by
none
Land Flag of India.svg India
Stat Uttarakhand
Distrikt Uttarkashi
Høgd 3 415 m
Folketal 606
Wikimedia Commons: Gangotri

Gangotri er ein tempelby i den indiske delstaten Uttarakhand. Han ligg i Himalaya rundt 3000 moh. i eit skogkledd område med furu- og sedertre.

Gangotri blir rekna som kjelda til den heilage elva Ganga og er eit viktig pilegrimsmål som saman med Kedarnath, Badrinath og Yamunotri utgjer ruta tsjota tsjar dham som tusentals pilgrimar følgjer årleg. Den største heilagdommen i Gangotri er ein naturleg lingam (Sjiva-symbol) i Bhagirathi-elva som ifølgje tradisjonen er staden Sjiva sat då han tok imot elvegudinna Ganga i håret sitt.

Reint fysisk har elva utspring ved Gaumukh ved føtene av Gangotribreen og Khatlingbreen i Gangotrimassivet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Uttarakhand», Encyclopædia Britannica, Chicago: Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite, 2011 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gangotri