Sjiva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjiva med Uma. Skulptur frå 1300-talet.

Sjiva (sanskrit शिव, 'Śiva') ofte òg stava Shiva, er ein viktig guddom i hinduismen. Han blir kalla den øydeleggjande guden i trimurtien, og blir framstilt som ein voldsam og kraftfull, men òg godgjerande gud som kjempar mot vondskap.

Mange hinduar ser på Sjiva som den viktigaste forma av Gud. Desse blir kalla sjaivittar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Sjiva er gift med Uma, som også er kjend under mange andre namn og inkarnasjonar, som Parvati, Lalitha og Sati. Sjølv blir ikkje Sjiva fødd på jorda, men vitjar henne i si eiga gudeform.

Sjiva og Uma er foreldre til Ganesja (Ganapati) og Kartikeja (Murugan).

Form[endre | endre wikiteksten]

Moderne sjivastatue i Bangalore.
Dansande Sjiva, Nataradja.

I hinduisk mytologi er Sjiva ein asket som ofte sit fordjupa i meditasjon på heimfjellet sitt Kailasj. Det er òg i denne stillinga ein gjerne ser han på bilde og i skulpturar. Ei anna vanleg form er den dansande Sjiva, Nataradja, som dansar øydeleggjinga, og dermed gjenfødinga av verda.

Av utsjånad blir guden gjerne framstilt som ein halvnaken asket kledd i eit dyreskinn, med kremeringsoske på huda og langt, utselt hår der det sit ein halvmåne. Sjiva blir likevel ikkje tilbeden i denne forma, men som ein enkel rundt eller avlang stein, lingam.

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Guden har eit tredje auge i pannen som står for visdom og kan senda ut voldsam øydeleggjande energi. Han har tre vassrette linjer (vibhuti) som pannemerke og held ein trefork. Desse kan mellom anna symbolisera trimurtien.

Andre viktige symbol ein gjerne finn saman med guden er ei tromme som skal vera opphavet til aum-lyden, ein kobra rundt halsen, og elvegudinna Ganga som strøymer frå håret hans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sjiva