Garri Kasparov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Garry Kasparov)
Hopp til navigering Hopp til søk
Garri Kasparov

Kasparov-34.jpg

Fødenamn Га́рри Ки́мович Каспа́ров)
Statsborgarskap Russland, Kroatia
Fødd 13. april 1963
Baku
Idrett sjakk
Yrke sjakkspelar, politikar, skribent, journalist, kritikar

Garri Kimovitsj Kasparov (fødd 13. april 1963) er ein russisk sjakkspelar. Han vart verdsmeister i sjakk i 1985, då han sigra over Anatolij Karpov. Kasparov vart med dette den yngste verdsmeisteren i sjakk til då. Kasparov klarte å forsvare tittelen i VM-kampar mot Karpov både i 1986, 1987 og 1990.

I 1993 braut Garri Kasparov med Verdssjakkforbundet FIDE, og danna sin eigen organisasjon, PCA, der han arrangerte sine eigne VM-kampar. Samtidig arrangerte FIDE sine VM-kampar, slik at ein i mange år hadde strid om kven som var verdsmeister. Garri Kasparov klarte å forsvare tittelen heilt fram til 2000. I 2000 klarte sjakkstormeister Vladimir Kramnik å slå Kasparov i VM-kamp i London, med 2 sigrar og 13 remisar.

Garri Kasparov var rekna som den sterkaste sjakkspelaren i verda også etter at han miste VM-tittelen. Han toppa FIDE sine ratinglister samanhengande frå 1986 til 1. oktober 2005. Einaste unntaket var ratinglista for januar 1996, der Vladimir Kramnik delte førsteplassen med Kasparov. I januar 1990 oppnådde Kasparov den til då høgaste FIDE-ratingen, passerte 2800, og slo den gamle rekorden til Bobby Fischer på 2785. Kasparov har rekorden for høgaste oppnådde FIDE-rating, 2851, på FIDE sine ratinglister for juli 1999 og januar 2000[1].

Garri Kasparov vann Sjakk-Oscar som beste spelar for året, for åra frå og med 1982 til og med 1988 - 7 år på rad. Deretter vart ikkje prisen delt ut før i 1995, og Kasparov vann prisen for 1995, 1996, 1999, 2001 og 2002. Til saman 12 gongar.

Garri Kasparov kunngjorde 10. mars 2005 at han trekte seg frå seriøs turneringssjakk.

Garri Kasparov har lenge vore politisk engasjert. I 1984 vart han medlem i det sovjetiske kommunistpartiet men melde seg ut i 1990, og var med på å stifta Russlands Demokratiske Parti. Han støtta valkampen til Boris Jeltsin i 1996. Han er no ein profilert motstandar av president Vladimir Putin. Han er leiar for Komité 2008: Fritt Val, og ein av leiarane for Den All-Russiske Borgarkongressen "For Demokrati, Mot Diktatur"

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Garri Kasparov