Gasskraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gasskraftverk er eit kraftverk for omforming den kjemisk bundne energien i gass til elektrisk energi. Gassblandingar som til dømes naturgass vert nytta som drivstoff for ein gassturbin, som er kopla til ein elektrisk generator.

Overskotsvarme frå gassturbinen blir ofte brukt til å laga damp, som igjen driv ein eller fleire dampturbinar. Desse dampturbinane er også kopla til ein generator. Naturkrafts gasskraftverk på Kårstø er eit slikt kombikraftverk, og det er også Statkrafts kraftverk i Knapsack og Herdecke i Tyskland.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.