Gassturbin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fig. 1 General Electric gassturbin for bruk i gasskraftverk.

Gassturbin er ein forbrenningsmotor med kontinuerleg forbrenning, som omformar kjemisk bunden energi i drivstoffet til mekanisk energi (rotasjonsenergi). Gassturbinar kan nyttast til å drive propellarfly, men vert òg nytta for å driva skip, stridsvogner, lokomotiv, elektriske generatorar i gasskraftverk, og så bortetter. Gassturbinar inngår òg i jetmotorar, men i desse vert nytteeffekten teken ut ved at jetstrålen driv farkosten (oftast eit fly) framover.

Arbeidsprinsipp[endre | endre wikiteksten]

Fig. 2 Prinsippskisse for ein gassturbin.

Gassturbinmotoren arbeider etter Braytonsyklusen. Luft, fig. 2 (E), vert soge inn og aksellerert ved hjelp av ei sentrifugalvifte eller ein radialkompressor (C). Luftstraumen passerer deretter gjennom ei dyse, ofte referert til som ein diffusor, som senkar farten og aukar trykket til luftstraumen. Ideelt sett bør dette gå føre seg som ein isentrop prosess (utan varmeutveksling med omgjevnadene), men i praksis fører friksjon og turbulens til noko tap av effekt. Lufta går så inn i eit brennkammer, der oksygenet i lufta reagerer med drivstoff (G) som vert sprøyta inn. Forbrenninga (Ch) frigjer termisk energi som fører til ei kraftig temperaturauke på brenngassane. Forbrenninga forgår ideelt som ein isobar prosess (ved konstant trykk). Når temperaturen til brenngassane aukar ved konstant trykk må volumet auka (sjå ideell gass). Brenngassane vert så førte gjennom dyser som rettar jetstrålen mot eit, eller fleire, turbinhjul (T), der rørsleenergien i jetstrålen vert omforma til mekanisk rotasjonsenergi, som kan hentast ut via akslingen (A). I ein gassturbin freistar ein å ta ut så mykje av rørsleenergien som mogeleg i turbinen. I ein jetmotor derimot tek ein ut berre nok energi til å driva innsugingsvifta og resten av rørsleenegien vert nytta til å skuva farkosten (oftast eit fly) framover.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk wikipedia, gas turbines
  • Aircraft gas turbine guide (General Electrics)

Bakkrunnstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]