Gaston Reiff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaston Reiff

Statsborgarskap Belgia
Fødd 24. februar 1921
Braine-l'Alleud
Død

6. mai 1992 (71 år)
Braine-l'Alleud

Yrke langdistanseløpar, mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Høgd 173 centimeter
Gaston Reiff på Commons

Gaston Étienne Ghislain Reiff (24. februar 19216. mai 1992) var ein belgisk langdistanseløpar frå Braine-l'Alleud i Vallonsk Brabant. Han vart olympisk meister på 5000 meter i 1948, den aller fyrste frå Belgia som vann OL-gull i friidrett.

Reiff vart sjettemann på 5000 meter då EM i friidrett 1946 fann stad i Oslo. Han store stund kom med 5000-meteren under Sommar-OL 1948 i London. Han og Emil Zátopek frå Tsjekkoslovakia hadde lagt alle bakom seg, då spurten tok til. Ingen av dei ville gje seg, men Reiff trekte lengste strået og vann på tida 14.17,6, to tidels sekund framom Zátopek. To år seinare spurta Reiff om sølvmedaljen på halvmila då friidretts-EM vart avvikla i heimlandet, og måtte gje tapt for franske Alain Mimoun; Zátopek var då i ein klasse for seg.

Reiff deltok også under Sommar-OL 1952 i Helsinki, der han braut han 5000-meterløpet. Si beste tid på 5000 m, 14.10,8, oppnådde han i 1951. Han la opp i 1958.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]