Gatekunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Banksy er truleg den best kjende street art-kunstnaren. Verka hans blir selde og stilte ut i galleri og museum.
Gatekunst teikna med pastellkrittfortauet i Guanajuato i Mexico under 4th Madonnari festival i 2012. Slik fortauskunst føregår gjerne openlyst og kan minna om både gateteater og tigging. Motivet på bildet byggjer på eit sjølvportrett av Eugène Delacroix.
Painting in the Global tradition av den nederlandske graffiti-kunstnaren CES53 som har vore aktiv sidan 1985.
Strikka «stolpevarmar» i New York by 2006, ein type urban gatekunst.

Gatekunst (engelsk street art) er ulike typar biletkunst utført i offentlege rom, som gater eller torg. Gatekunst kan vera ikkje-kommersiell og gjerne opprørsk i plassering og utforming, eller ho kan utførast for å gleda og få bidrag av allmugen av ein gateartist.

Forskjellar[endre | endre wikiteksten]

Graffiti og annan street art er ikkje det same. Street art er gjerne ein utskoren sjablong (stort papir egna til utskjering) som du teipar på veggen og tar en sprayboks og sprayar over. Graffiti er annleis. Då har ein ein sprayboks og gjer det alt for frihand. Det vil sei at ein ikkje skjer ut sjablong, men berre sprayar på veggen. Dessutan er graffiti meir figurar og bokstavar.

Inne på galleriet[endre | endre wikiteksten]

«Er det ein god ide og flytte gatekunst til galleri?» er eit spørsmål ein kan undrast. Men viss ein gjer det kan ein då kalle det gatekunst? Det er definitivt ein kunst for seg sjølv. Tanken er jo at det er tilgjengeleg for alle i dagleglivet. Det er dessutan ikkje alle som har tid til å reise på galleriet for å sjå det. Er du på veg til jobb er det lettare å sjå det på veggen på gatehjørne net enn inne på galleriet.

Aude kunst[endre | endre wikiteksten]

Street art treng ikkje vere på gata. Det kan vere på landsbygda eller aude område og det verkar like bra. Det finst fleire kunstverk i øydemarka. Eit godt døme er PØBEL. Pøbel er ein gatekunstnar og har fleire kunstverk i øydemarka.

Kallenamn[endre | endre wikiteksten]

Gatekunstnarar brukar sjeldan sitt eige namn på kunsten sin, ettersom mykje av han er utført ulovleg og kan forfølgjast som hærverk. Dette er også grunnen til at dei fleste lagar kunsten sin om natta. For at ein likevel skal skjøne kva den same personen har laga, kan kunstnaren bruka eit eller fleire kallenamn. Det finst òg tagge-grupper. I Noreg (nærare bestemt Bergen) finst det ei tagge-gruppe som heiter OGS.

Aksept[endre | endre wikiteksten]

Kring 1990-talet blei det nesten eit hatforhold til street art. Ein meinte det ikkje var skikkeleg kunst, og var så lett å lage. Dei meinte at det ikkje var ein skikkeleg gatekunst form. Du teipa ein sjablong på veggen og sprayar over. I ettertid har det kome kunstnarar som har vist at street art og er kunst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]