Hærverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hærverk gjort 18. juni 2011 på monumentet frå 1954 i Bulgarias hovudstad Sofia over Den raude arméens siger i den andre verdskrigen. På eit av relieffa på monumentet er statuane av frigjeringssoldatane måla i fargar og utstyrte med symbol som gjer dei til amerikanske teikneseriefigurar, mellom andre Superman og Captain America.
Vandalisering av statuar på ei altertavle i den katolske gotiske katedralen Dom van Utrecht (Domkyrkja i Utrecht) i Nederland under protestantanes biletstorming i 1580.
Knuste glasruter og øydelagde dører er vanlege former for hærverk.

Hærverk eller vandalisme er å øydeleggja noko med vilje utan anna meining med skadeverket enn å øydeleggja. Dei to synonyme omgrepa hærverk og vandalisme viser i bokstaveleg tyding til raseringar utførte av krigarar frå det austgermanske folket vandalane eller andre herjande hærar, men omgrepa blir i moderne tid heller brukt om kvardagsleg øydelegging av eigedom og til dømes kunstgjenstandar og skulpturar på museum og i det offentlege rom.

Hærverk blir gjerne sett på som noko negativt, og er ofte lovbrot som det både er straff for, og kan krevjast skadebot for.

Men vandalistiske handlingar er òg blitt brukt som kreativt uttrykk innan moderne kunst. Graffiti (tagging) er til dømes ei uttrykksform som både kan vera øydeleggjande og ulovleg, men òg skapande og akseptert. Vandalisme har i mange høve òg blitt forsvart på politisk eller ideoloigske grunnlag. Soleis gjekk målaren Gustave Courbet i si tid inn for øydelegging av monument som stod for «krig og erobring». Og når eit totalitært styre i eit land fell, er det blitt vanleg å rasera statuar og andre symbol for det styrta regimet, slik det til dømes skjedde mange stader i samband med fallet til kommuniststyra i austblokklanda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hærverk
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.