Hopp til innhald

Gavi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gavi
øy
Land  Italia
Areal 0,14 km²
Folketal 0
Kart
Gavi
40°56′07″N 13°00′03″E / 40.93528°N 13.00083°E / 40.93528; 13.00083
Wikimedia Commons: Gavi (island)
Dei pontinske øyane

Gavi er ei lita øy i Tyrrenhavet utanfor vestkysten av Italia og ho er ein del av Dei pontinske øyane. Med ei lengd på 700 meter er ho den minste i øygruppa og ligg 120 meter nord for Ponza. Øya er forholdsvis kupert og ikkje busett. Øya er eit naturreservat og har mellom anna firfisler som berre finst her, i tillegg til mus, kanin og skorpionar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gavi