Kanin
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kanin | ||
Status i verda: | ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Mammalia | |
Orden: | Lagomorpha | |
Familie: | Leporidae | |
Slekt: | Oryctolagus
Liljeborg , 1873 | |
Art: | O. cuniculus | |
Vitskapleg namn | ||
Oryctolagus cuniculus |
Kanin (Oryctolagus cuniculus) er ein art i harefamilien som stammar frå den iberiske halvøya. I dag finn ein introduserte eller tamme europeiske kaninar over store delar av verda. Dei blir haldne for kjøt, pels og ull og som kjæledyr.
Som haren er kaninen kjend for å ha lange øyre og kraftige bakbein. Han skil seg frå haren mellom anna ved at han føder nakne, hjelpelause ungar og ved det naturlege levesettet med å leva i store grupper i holer gravne i jorda.