Gavlbåten putt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein putt er ein flatbotna spegelbåt som er kjend frå om lag 1900. Båttypen finn ein helst i Lyngør. Sidene er to bordgangar høge. Borda er limte saman, og skrudde med messingskruar til ei utvendig list. Framme er borda festa til spunninga i stamnen. Ved hjelp av malar får båten den ønskte fasongen. Etter at akterspegelen er innsett vert botnborda, som ligg på tvers, spikra på. Ei langsgåande kjølribbe forsterkar botnen. Båten har eit par tollepinnar. Putten er om lag tre meter lang og vel ein meter brei.Den flate botnen gjer putten stabil. Han er så stiv at han egnar seg ikkje i sjøgang. Den flate botnen gjer at han er grundtgåande.

Utviklinga av dei flatbotna båtane er usikker. Ho kan vere påverka frå Danmark og Bohuslän-kysten i Sverige, der det er fleire båttypar med flat botn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Asbjørn Klepp: «Putt» frå Lyngør. Midtsidebåt i Kysten nr. 2, 1981