Gemeinsame Normdatei

Gemeinsame Normdatei (GND) er eit autoritetspostregister som blir drifta og vedlikehalde av Deutsche Nationalbibliothek (DNB) med alle dei tyske biblioteksforeiningane, Österreichischer Bibliothekenverbund (obv) og Schweizerische Nationalbibliothek i samarbeid.
GND erstattar frå 19. april 2012 dei tidlegare Personennamendatei (PND), Schlagwortnormdatei (SWD), Gemeinsame Körperschaftsdatei (GKD) og Deutsches Musikarchiv (DMA-EST-Datei) og omfattar såleis personar, bedrifter, arrangement, geografiske data og omgrep.
Gjennom prosjektet Virtual International Authority File (VIAF) er GND knytt saman med andre nasjonale autoritetspostar via konkordansfiler.
Grunnlag
[endre | endre wikiteksten]Målet med GND er å knyte saman dei mangfaldige ressursane og informasjonskjeldene som bibliotek og andre kulturinstitusjonar i det tyskspråklege området tilbyr. Datasett som er overførde uendra frå dei tidlegare autoritetsregistra til GND har dei same nøkkelverdiane som før, no i identifikatoren GND-Nummer.[1] Dublettar blir samanførde og datasetta suksessivt førebudde for semantisk web.
GND nyttar regelverket RDA og er basert på utvekslingsformatet MARC 21-authority.
Innhald og omfang
[endre | endre wikiteksten]På det tidspunktet Gemeinsame Normdatei blei innførd inneheldt registeret 9 493 860 datasett av følgjande entitetstypar:[2]
- 4 456 000 personnamn («ikkje individualisert», dvs utan typebeteikning)
- 2 650 000 personar («individualisert», type p)
- 1 145 000 bedrifter, juridiske personar og liknande (type k) – Körperschaften
- 571 000 arrangement og kongressar (type v) – Veranstaltungen
- 286 000 geografiske data (type g)
- 200 000 fagtermar (type s) – Sachbegriffe
- 187 000 verk (type w) – sjå til dømes for verket Gemeinsame Normdaten i «Autoritetspost» nedst i denne artikkelen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gemeinsame Normdatei» frå Wikipedia på tysk, den 7. mai 2012.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Eva-Maria Gulder: Die Gemeinsame Normdatei (GND). Bayerische Staatsbibliothek München (Normdatenredaktion), september 2011. (pdf-fil Arkivert 2013-01-15 ved Wayback Machine.)
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Christel Hengel-Dittrich: Das Projekt Gemeinsame Normdatei – GND. I Dialog mit Bibliotheken. Årgang. 22, hefte 1, s. 36, henta 10. mai 2012.
- ↑ Rundskrivet Bereitstellung des ersten GND-Grundbestandes Arkivert 2012-10-20 ved Wayback Machine., 19. april 2012. (typen er kodifisert i underfeltet $b i det GND-spesifikke feltet 079.)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk i OGND (ei teneste av Bibliotheksservice-Zentrum Baden-Württemberg)
- Søk i DNB-Portal (Deutsche Nationalbibliothek)
- Informasjon om GND Arkivert 2012-05-08 ved Wayback Machine. (Deutsche Nationalbibliothek)
- Gemeinsame Normdatei (GND) Arkivert 2013-01-15 ved Wayback Machine. i BSZ Wiki
- GND-MARC-Format, Version 1.1[daud lenkje] (per 15. august 2011)
- Deutsche Nationalbibliothek sin Linked Data Service[daud lenkje]