Gendriv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gendriv eller gendrivarar (engelsk gene drive) er gen som sjølve kan auka sannsynet for at dei vert førte vidare ved kjønna øksling til over 50%. Gendriv kan verka ved at dei saksar ut ein del av DNA-et frå forelderen som ikkje har gendrivet, og deretter limer inn gena som kodar for gendrivet. På denne måten vil desse gena vera til stades på kromosoma frå båe foreldra.

I teorien kan eitt einskildindivid med det rette gendrivet få ein heil art til å døy ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]