Gennadij Tsygankov
Gennadij Tsygankov (16. august 1947–16. februar 2006) var ein russisk ishockeyspelar frå Vanino i Khabarovsk kraj. Perioden 1971-79 vann han fem VM-gull og to OL-gull for Sovjetunionen.
Forsvarsspelaren Tsygankov vart verdsmeister i 1971, 1973, 1974, 1978 og 1979. Både frå Vinter-OL 1972 og Vinter-OL 1976 reiste han heim som olympisk meister. I tillegg vann han to VM-sølv og ei VM-bronse.
Tsygankov spelte frå 1966 i to år på det nystarta ishockeylaget SKA Khabarovsk. Deretter gjorde han teneste i CSKA Moskva i tolv år. Med CSKA vann han åtte seriemeisterskap og to cupmeisterskap.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Gennadi Dmitrijewitsch Zygankow» frå Wikipedia på tysk, den 5. april 2021.