Vinter-OL 1976

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei 12. olympiske vinterleikar
Deltakande nasjonar 37
Deltakarar 1123 (892 menn, 231 kvinner)
Øvingar 37 i 6 idrettsgreiner
Opningsseremoni 4. februar 1976
Avslutningsseremoni 15. februar 1976
Offisielt opna av Rudolf Kirschschläger
Norsk flaggbærar Pål Tyldum

Vinter-OL 1976 vart arrangert i Innsbruck i Austerrike. Leikane var fyrst vortne tildelt Denver i Colorado i USA, men uro kring kostnadsauke og miljøproblem fekk innbyggjarane til å røyste mot OL-planane. Dermed bad IOK vertsbyen for Vinter-OL 1964 om å trå til på nytt. Sovjetunionen vart beste nasjon med heile tretten gullmedaljar. Noreg tok tre gullmedaljar. Sten Stensen og Jan Egil Storholt vann kvar seg 5000 og 1500 meter på skøytebana, og Ivar Formo vann femmila i langrenn.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Pål Tyldum, som deltok i langrenn.

Idrettsgreiner[endre | endre wikiteksten]

Medaljestatistikk[endre | endre wikiteksten]

Dei beste nasjonane
Plass Nasjon Gull Sølv Bronse Totalt
1 Sovjetunionen 13 6 8 27
2 DDR 7 5 7 19
3 Noreg 3 3 1 7
USA 3 3 1 7
5 Vest-Tyskland 2 5 3 10
6 Finland 2 4 1 7
7 Austerrike 2 2 2 6
8 Sveits 1 3 1 5
9 Nederland 1 2 3 6
10 Italia 1 2 1 4