Geologisk epoke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein epoke i geologien er eit tidsavsnitt i historia til jorda. Ein epoke kan var frå mellom 12 000 år til 50 millionar år. Epokar er ein del av ein periode, og er sjølv delt inn i aldrar.

Den yngste av æraene, kenozoikum, vert vanlegvis delt inn i sju epokar:

  • paleocen (66–56 millionar år sidan),
  • eocen (56–34 millionar år sidan),
  • oligocen (34–23 millionar år sidan),
  • miocen (23–5 millionar år sidan),
  • pliocen (5 330 000–1 810 000 år sidan),
  • pleistocen (1 810 000–11 500 år sidan) og
  • holocen (frå 9500 f.Kr. til i dag).

Vitskapen som forskar på og definerer epokar heiter stratigrafi.