Holocen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hendingar i kenozoikum
sjå • diskuter • endre
-65 —
-60 —
-55 —
-50 —
-45 —
-40 —
-35 —
-30 —
-25 —
-20 —
-15 —
-10 —
-5 —
0 —
Første isbrear på Antarktis[1]
Holocen starta for 11 500 år sidan.
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i kenozoikum.
Skala: Millionar år sidan

Holocen eller resent er etter geologisk tidsskala namnet på dei siste kring 10 000 åra i tidsrekninga vår, som siste del av kvartær- tida. Dei 10 000 åra er etter karbondatering, som tilsvarar kring 11 430 kalenderår. Altså byrjar holocen ei gong i tida 9560 f. Kr. til 9300 f. Kr. Tida er definert til å byrja etter den siste istidaden nordlege halvkula. Yngre dryas er namnet på den siste kuldeperioden under pleistocen. Etter den tid byrja isbreane å trekkja seg attende.

Nyleg er det føreslått at holocen enda ved starten av anthropocen, ein føreslått epoke som starta på 1700-talet då mennesket byrja å påverke det globale klimaet.[3] Holocen er ein del av neogen og kvartær. Namnet kjem frå dei greske orda ὅλος (holos, 'heilt') og καινός (kainos, 'ny'), og tyder 'heilt nye'.

Holocen vert delt inn i fem kronoson basert på klimasvingingar:

  • Preboreal (10 000–9000),
  • Boreal (9000–8000),
  • Atlantikum (8000–5000),
  • Subboreal (5000–2500) og
  • Subatlantikum (2500 til i dag).

Jordbruk og menneskelege sivilisasjonar dukka opp i holocen. Paleontologar har ikkje definert aldrar for holocen og når inndelingar er nødvendig vert stundom mellomsteinalder, yngre steinalder og bronsealderen nytta. Men bruken av desse periodane varierer frå stad til stad etter der tid teknologiane frå desse tidene dukka opp.

Klimatisk kan holocen delast inn i periodane hypsitermal og nynedisinga, der skiljet mellom dei to går ved starten av bronsealderen i dei vestlege sivilisasjonane. I følgje enkelte forskarar starta ein tredje periode kalla anthropocen på 1700-talet.[4] Det er omdiskutert om dette er ein alder i holocen eller ein epoke som kjem etter holocen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zachos, J.C.; Kump, L.R. (2005). «Carbon cycle feedbacks og the initiation of Antarctic glaciation in the earliest Oligocen». Global og Planetary Change 47 (1): 51-66. 
  2. Krijgsman, W.; Garcés, M.; Langereis, C.G.; Daams, R.; Van Dam, J.; Van Der Meulen, A.J.; Agustí, J.; Cabrera, L. (1996). «A new chronology for the middle to late Miocen continental record in Spain». Earth og Planetary Science Letters 142 (3-4): 367-380. Henta 25. august 2008. 
  3. Zalasiewicz & al 2008
  4. Pearce 2007, s. 21

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Neogen
Kvartær
Pliocen Pleistocen Holocen
← Neogen | Gelasium Tidleg | Mellom | Sein  
Neogen
Miocen Pliocen Pleistocen Holocen
Aquitanium | Burdigalium
Langhium | Serravallium
Tortonium | Messinium
Zancleum | Piacenzium
(Gelasium)
Gelasium | Tidleg
Midtre | Sein
Boreal | Atlantisk
Spire Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.