Georg Büchner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Büchner

Statsborgarskap Storhertugdømmet Hessen
Fødd 17. oktober 1813
Goddelau
Død

19. februar 1837 (23 år)
Zürich

Yrke omsetjar, skodespelforfattar, lyrikar, medisinsk forfattar, naturvitar, revolusjonær, skribent, filosof, lege
Far Ernst Büchner
Mor Karoline Reuss
Signatur
Georg Büchner på Commons

Karl Georg Büchner (17. oktober 181319. februar 1837) var ein tysk forfattar som trass den tidlege døden sin blir han rekna som ein av dei viktigaste politiske forfattarane under Vormärz.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Karl Georg Büchner voks opp i Darmstadt, og studerte medisin ved Universitetet i Strasbourg frå 1831. Her budde han hos ein av professorane, Johann Jakob Jaeglé. Etter kort tid blei Büchner hemmeleg forlova med dottera til Jaeglé, Wilhelmine eller «Minna», og dei heldt saman heilt til Büchner døydde.

Diktar og forfattar[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste manus hans, Dantons død, blei skrive og gjeve ut (i ei sterk redigert form) i 1835. Lenz blei skrive same året. I 1836 fullførte han Leonce og Lena og eit medisinskfagleg verk, som han blei tildelt doktorgrad for ved Universitetet i Zurich same året. Han byrja òg på manuset Woyzeck dette året.

2. februar 1837 fekk Georg Büchner tyfus. Han blei sengeliggande fram til 17. februar, då Minna kom for å vitja han. To dagar seinare døydde han, berre 23 år gammal.

Det mest spelte dramaet hans i dag er Woyzeck, som er eit ufullført fragment, og aldri blei oppført i levetida til Büchner. Dramaet kom fyrst ut i 1877. På 1900-talet blei stykket særleg kjent gjennom Alban Berg sin opera Wozzeck frå 1926. Både operaen og originalversjonen høyrer i dag til standardrepertoaret på europeiske scener.

Det einaste stykket som Büchner fekk trykt i si levetid var dramaet Dantons død i 1835, og då i ein nedskoren versjon. Heller ikkje dette blei uroppført før lenge etter at han var død, i 1902

Adaptasjonar av tekstane til Büchner[endre | endre wikiteksten]

Operaen Wozzeck med musikk av Alban Berg vekte mykje oppsikt ved fyrsteoppføringa i 1926, med den nyskapande librettoen sin og tolvtonemusikken komponisten hadde nytta. Han er i dag ein av dei mest spelte operaene frå 1900-talet.

Woyzeck er filmatisert fleire gongar; den mest kjente versjonen er truleg Werner Herzog sin frå 1979 med Klaus Kinski i hovudrolla.

Büchner blir rekna av Arbeitsgemeinschaft Orte der Demokratiegeschichte for å vera blant dei 100 viktigaste personane som i løpet av dei siste 200 åra har bidratt til danninga av demokratiet i Tyskland.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Der Hessische Landbote, politisk pamflett, 1834 (saman med Friedrich Ludwig Weidig)
  • Dantons Tod, drama, 1835
  • Lenz, fortelljng, 1835
  • Leonce und Lena, komedie, 1836
  • Woyzeck, drama, 1837
  • Pietro Aretino drama (tapt)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «100 Köpfe der Demokratie». demokratie-geschichte.de. Henta 23. juli 2021.