Georg Christian von Lobkowitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johann Georg Christian, Fürst von Lobkowitz (10. august 16864. oktober 1755) var ein austerriksk Generalfeldmarschall.

Han kom frå den gamle bøhmisk aristokratfamilien Lobkowicz og var den fjerde sonen til Philipp Hyazinth Josef, 4. fyrste av Lobkowicz, hertug av Sagan (1680-1737) og Eleonore Katharina Charlotte Popel von Lobkowicz (1685-1712).

Han gifta seg 11. november 1718 med Caroline Henriette von Waldstein (1702-1780) i Praha og fekk 10 born. To av desse mista livet i krig, medan to andre vart riddarar i Ordenen det gylne skinnetJohann Georg Christian grunnla (Hořín)/Mělník-greina av Lobkowitz-familien.

Han kjempa under Eugene of Savoie mot Det osmanske riket. I 1732 vart han guvernør på Sicilia, og 28. november 1739 vart han sjølv riddar i ordenen det gylne skinnet.

I 1741 fekk han graden feltmarskalk. Under den austerrikske arvefølgjekrigen kjempa han først mot franskmennene og bayarane mellom Praha og München, og vart seinare guvernør i hertugdømet Milano mellom 1743 og 1745. I denne perioden var han kommandør for keisaren sin hær i Italia, der han tapte slaget ved Velletri i 1744 .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]