Georg Hammer
Georg Hammer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. desember 1950 (74 år) Kristiansund kommune |
Yrke | fotballspelar |
Georg Hammer (fødd 11. desember 1950) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Kristiansund, som var med å vinne fire cupgull og to seriegull. I 1979-sesongen deltok han i sju kampar på det norske landslaget.
Hammer spelte på Kristiansund Fotballklubb fram til 1969. Hausten 1969 flytta han til Oslo og melde seg etter kvart inn i IK Skeid. Han var med då Skeid i 1974 vann NM-cupen, etter finalesiger mot favoritten Viking FK. Frå 1977 til -79 og på ny frå 1981 til -86 gjorde han teneste i Lillestrøm SK. Allereie i sin fyrste sesong var han med å vinne dobbelt, med triumfar i både 1. divisjon og i cupen. Og i 1978 tok han sitt tredje NM-gull. 1980-sesongen var Hammer tilbake i Kristiansund FK og 2. divisjon. Tilbake i Lillestrøm 1981-86 var han langvarig skadd i 1981-82, men kom tilbake og vann Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1985, og fekk i 1986 fekk med seg seriemeistertittel nummer to.
I 1979 var Hammer med då Noreg kvalifiserte seg til Sommar-OL 1980. På sine sju landskampar skåra han ikkje mindre enn tre mål.
Hammer flytta i 2001 til Kristiansund der han arbeidde som idrettskonsulent i kommunen.