Hopp til innhald

Viking Fotballklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Viking FK)
Viking

Fullt namnViking Fotballklubb
KallenamnDei mørkeblå
Grunnlagd10. august 1899; 126 år sidan (1899-08-10)
HeimebaneLyse Arena
(kapasitet: 15 900)
Hovudtrenar Noreg Bjarte Lunde Aarsheim
 Noreg Morten Jensen
SupporterklubbVikinghordene
LigaEliteserien (2025)
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Viking Fotballklubb er ein norsk fotballklubb frå Stavanger i Rogaland. Klubben har både herrelag og damelag.[1][2]

Herrelaget spelar i Eliteserien, medan damelaget spelar i 1. divisjon frå og med 2025-sesongen. I tillegg har Viking breiddeverksemd og lag på fleire nivå i seriesystemet.

Klubben vart grunnlagd den 10. august 1899 og er den største og leiande fotballklubben i Rogaland. Viking vert rekna som eitt av dei mest meritterte laga i norsk fotball gjennom tidene, med ni seriemeisterskap og seks cupmeisterskap.

Viking spelar heimekampane sine på Lyse Arena i Jåttåvågen (tidlegare kjent som Viking stadion). Stadion vart opna den 1. mai 2004. Før det nye stadionet opna, var Stavanger stadionEiganes heimebana. Draktene til laget består tradisjonelt av mørkeblå trøyer, kvite bukser og mørkeblå sokkar.

Viking kvinner

[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Viking Fotballklubb Kvinner.

Viking sitt damelag spelar i 2025-sesongen i 1. divisjon fotball for kvinner. Laget spelar heimekampane sine på Lyse Arena i Jåttåvågen, som vart opna i 2004.

Draktene til Viking Kvinner er dei same som for herrelaget: mørkeblå trøyer, kvite bukser og mørkeblå sokkar.

Viking menn

[endre | endre wikiteksten]

Med andreplassen sin på maratontabellen[når?] er herrelaget til Viking eitt av dei mest suksessrike fotballaga i Noreg gjennom historia. Laget har spela i toppdivisjonen sidan denne vart etablert, med unntak av sesongane 1966–67, 1987–88 og 2018.

Viking har til saman vunne åtte seriemeisterskap og seks noregmeisterskap. Herrelaget spelar heimekampane sine på Lyse Arena. Tilskodarrekorden på stadion for seriekamp er 16 600 mot Brann 24. juni 2007. Kapasiteten er 15 900 tilskodarar.

Eliteserien 2025

[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Viking Fotballklubb (menn) i 2025.

Mal:Eliteserien 2025 tabell

Spelarstall (herrar)

[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 15. juli 2025 [3]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg K Arild Østbø
2 Flagget til Noreg F Herman Haugen
3 Flagget til Noreg F Viljar Vevatne
4 Flagget til Noreg F Martin Ove Roseth
5 Flagget til Noreg F Henrik Heggheim
6 Flagget til Australia MB Gianni Stensness
7 Flagget til Noreg A Sander Svendsen
8 Flagget til New Zealand MB Joe Bell
9 Flagget til Australia A Nicholas D’Agostino Ankelskade
10 Flagget til Noreg MB Zlatko Tripić Strekkskade
11 Flagget til Noreg A Yann-Erik de Lanlay
13 Flagget til Noreg K Kristoffer Klaesson Beinbrot
17 Flagget til Noreg A Edvin Austbø
18 Flagget til Noreg F Sondre Bjørshol
Nr. Posisjon Spelar
19 Flagget til Noreg MB Kristoffer Askildsen
20 Flagget til Danmark A Peter Christiansen
21 Flagget til Danmark F Anders Bærtelsen
23 Flagget til Noreg F Kristoffer Haugen
24 Flagget til Noreg F Vetle Auklend
25 Flagget til Noreg F Henrik Falchener
26 Flagget til Noreg MB Simen Kvia-Egeskog
28 Flagget til Island A Hilmir Rafn Mikaelsson
30 Flagget til Noreg K Thomas Kinn
31 Flagget til Noreg MB Niklas Fuglestad
33 Flagget til Noreg MB Jakob Segadal Hansen
35 Flagget til Noreg F Tobias Moi

Utlånte spelarar

[endre | endre wikiteksten]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
22 Flagget til Australia K Franco Lino (på utlån til Melbourne Victory til 31. desember 2025)
51 Flagget til Noreg K Aksel Bergsvik (på utlån til Sandviken til 31. desember 2025)
51 Flagget til Noreg K Ola Visted (på utlån til Hødd til 31. desember 2025)
Nr. Posisjon Spelar
Flagget til Noreg A Jørgen Galta (på utlån til Sandnes Ulf til 31. desember 2025)
Flagget til Noreg F Felix Aleksander Berger Lillehammer (på utlån til Jerv til 31. desember 2025)

Idrettslaget Viking vart grunnlagd i Stavanger 10. august 1899. Den første fotballen som Viking kjøpte, vart levert frå Hall & Hamlin i Hull i England i september 1899.[4] På 1950-talet hadde klubben grupper for herrefotball, friidrett, boksing, bryting, handball og orientering. I 1986 vart idrettslaget delt opp i Viking Fotballklubb, Viking Ishockeyklubb og Viking Håndball.

Viking FK er ein av dei mest suksessrike klubbane i norsk fotballhistorie. Herrelaget har andreplass på maratontabellen frå 1949 til 2018.[5] Viking har spela i toppdivisjonen med berre tre korte unntak (1966–67, 1987–88 og 2018). Klubben har til saman vunne ni seriemeisterskap (1958, 1972, 1973, 1974, 1975, 1979, 1982, 1991, 2025) og seks noregmeisterskap (1953, 1959, 1979, 1989, 2001 og 2019).

Lyse Arena

[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Viking stadion.

Lyse Arena (tidlegare Viking stadion) er heimearenaen til Viking. Frå 1917 spelte Viking heimekampane sine på Stavanger stadion, men på 2000-talet kom det konkrete planar om å flytta og byggja eit nytt fotballstadion. 1. mai 2004 vart Viking stadion opna då Viking spelte 1–1 i seriekampen mot Molde framfor 15 300 tilskodarar. Tilskodarsnittet den sesongen vart 12 439, det høgaste snittet i Vikings historie. Den noverande rekorden er frå 2007, med 15 936 i snitt.[6]

Stadion ligg ved Jåttåvågen i Hinna bydel. Anlegget har berre sitjeplassar, varmelampar i taket og moderne fasilitetar. Lyse Arena har òg VIP-område med plass til om lag 1 040 VIP-gjester, og den totale tilskodarkapasiteten er 15 900. Arenaen vert òg nytta til større konsertar.

Merittar (herrar)

[endre | endre wikiteksten]

Flest mål for Viking (herrar)

[endre | endre wikiteksten]
Spelar Mål Periode
Reidar Kvammen2021931–1952
Trygve Johannessen1811974–1982
William Danielsen1801931–1952
Arthur Kvammen1761924–1940
Egil Østenstad1671990–2005

Flest kampar for Viking (herrar)

[endre | endre wikiteksten]
Erik Johannessen står med 501 kampar for Viking mellom 1971 og 1983.
# Spelar Kampar Periode
1André Danielsen5532003–2019
2Svein Kvia5511965–1980
3Sigbjørn Slinning5231961–1982
4Erik Johannessen5011971–1983
5Torbjørn Svendsen5001974–1986
6Sverre Andersen4821952–1971
7Thomas Pereira4311997–2009
8Bjarte Lunde Aarsheim4251993–2005
9Olav Nilsen4141959–1974
10Isak Arne Refvik4071976–1986

Kjende spelarar

[endre | endre wikiteksten]
Brede Hangeland vart cupmeister med Viking i 2001.
Reidar KvammenIsak Arne Refvik
Edgar FalchBjarne Berntsen
Sverre AndersenSvein Fjælberg
Olav NilsenErik Thorstvedt
Reidar GoaGunnar Aase
Sigbjørn SlinningThomas Myhre
Svein KviaErik Nevland
Erik JohannessenBrede Hangeland
Trygve JohannessenRune Jarstein

André Danielsen er den Vikingspelaren med flest kampar, med 553 før han la opp i 2019.[7]

Supporterklubb

[endre | endre wikiteksten]

Vikinghordene er Viking sin offisielle supporterklubb. Viking Oslo er supportergruppa i Oslo, medan Viking Hamar er supportergruppa på Hamar.[8][9]

  1. «A-lag kvinner : Spillere». Viking. Henta 30. mars 2022.
  2. «A-lag herrer : Spillere». Viking. Henta 30. mars 2022.
  3. A-lag menn
  4. Stavanger Aftenblad: «Fra fotballens barndom i Stavanger», 9. november 1937, s. 6.
  5. «Eliteserien – statistikk». fotballen.eu. Arkivert frå originalen 1. mars 2019. Henta 24. mai 2019.
  6. Årsrapport for Viking Fotball ASA[daud lenkje]
  7. «Her blir Viking-legenden Danielsen historisk». Aftenbladet (på norsk). Henta 15. november 2019.
  8. «Hylles av Burchnall». Dagsavisen (på norsk). 2. juni 2017. Arkivert frå originalen 13. juni 2018. Henta 20. juni 2018.
  9. «Viking Hamar (Facebook-gruppe)». Henta 26. mars 2021.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]