Georg VI av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George VI
King George VI of England, formal photo portrait, circa 1940-1946.jpg
Kong Georg ca. 1940-1946]]
Konge av Storbritannia
Regjeringstid 11. desember 19366. februar 1952
Fullt namn Albert Frederick Arthur George
Fødd 14. desember 1895
Død 6. februar 1952
Føregjengar Edvard VIII
Gift med Elizabeth Bowes-Lyon

Georg VI (14. desember 18956. februar 1952) var den tredje britiske monarken av fyrstehuset Windsor. Han var konge av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland og det britiske imperiet frå 11. desember 1936 til 1952. I tillegg hadde han tittelen keisar av India frå 1936 til 1947. Fram til 1949 hadde han tittelen konge av Irland, medan han frå 1947 til 1952 hadde tittelen konge av Pakistan. Georg VI var son av kong Georg V av Storbritannia og dronning Mary av Teck. Broren Edvard VIII av Storbritannia gjekk av som konge i 1936 av di han ynskte å gifta seg med ei fråskild kvinne.

Georg VI var gift med Elizabeth Bowes-Lyon, som seinare fekk tilnamnet Dronning-mora. Under den andre verdskrigen symboliserte dei saman Storbritannia og imperiet si evne til å halda ut i kampen mot Hitler- Tyskland.

Barn[endre | endre wikiteksten]

  1. Elizabeth II av Storbritannia fødd 1926, regjerande dronning av Storbritannia frå 1952.
  2. Margaret Rose av England fødd 1930, gift med Anthony Armstrong-Jones av Snowdon.

Titlar gjennom livet[endre | endre wikiteksten]

  • 1895-1898: His Highness Prince Albert of York (prins Albert av York)
  • 1898-1901: His Royal Highness Prince Albert of York
  • 1901: His Royal Highness Prince Albert of Cornwall and York (prins Albert av Cornwall og York)
  • 1901-1910: His Royal Highness Prince Albert of Wales (prins Albert av Wales)
  • 1910-1920: His Royal Highness The Prince Albert (prins Albert)
  • 1920-1936: His Royal Highness The Duke of York (Hertugen av York)
  • 1936-1947: His Majesty George VI, by the Grace of God, of Great Britain, Ireland, and of the British dominions beyond the seas, King, Defender of the Faith, Emperor of India. (Hans Majestet Georg VI, med nåde frå Gud. Konge av Storbritannia, Irland og dei oversjøiske britiske områda. Forsvarar av trua. Keisar av India.)
  • 1947-1952: His Majesty George VI, by the Grace of God, of Great Britain, Ireland, and of the British dominions beyond the seas, King, Defender of the Faith.

(Hans Majestet Georg VI, med nåde frå Gud. Konge av Storbritannia, Irland og dei oversjøiske britiske områda. Forsvarar av trua.)