Georges-Eugène Haussmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georges-Eugène Haussmann, om lag 1865

Georges-Eugène Haussmann (utt. åsmˈan) (fødd 27. mars 1809 i Paris, død 11. januar 1891 i Paris), betre kjend som Baron Haussmann, var ein fransk ingeniør, kjend for å ha fått ansvaret for fornyinga av Paris under Napoleon III sitt keisardøme.

Haussmann blei fødd i 1809, utdanna seg til advokat, og blei i 1833 utnemnd til underprefekt, men missa stillinga i kjølvatnet av revolusjonen i 1848. Under Napoleon III si tid som president var han prefekt i tre departement, og blei i 1853 prefekt i Seine. Han fekk ein barontittel og plass i senatet frå 1857. Som prefekt i Seine fekk han i oppdrag å forherlege keisardømet gjennom ei fornying av Paris. Løysinga var monumental, og omdiskutert både i samtid og ettertid. I løpet av få år var byen fullstendig omskapt, med anlegg av stjerneplassar, og lange, rettlina boulevardar. For å få rom til desse endringane blei store delar av det gamle Paris rive, og Haussmann omtalte også seg sjølv som «nedrivingskunstar».[1] Som kompensasjon for alt rivingsarbeidet, blei den tillatne byggjehøgda heva til fem etasjar, attåt den karakteristiske kvistetasjen som pregar bybiletet i Paris. Det omfattande prosjektet førte til stor gjeld, som i sin tur gjorde leige- og levekostnadene i byen høge, og då Émile Ollivier blei statsminister i 1870 fekk Haussmann avskil som prefekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Thomas Krogh, Ragnhild Evang Reinton (2003) Historie, forståelse og fortolkning: De historisk-filosofiske fags fremvekst og arbeidsmåter, 4. utg., s. 386 – Gyldendal Norsk Forlag.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.