Georgi Stojkovski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Georgi Stojkovski
Fødd 10. mai 1941
Bata, Pazardzhik Province
Yrke friidrettsutøvar

Georgi Stojkovski (bulgarsk:Георги Иванов Стойковски) (fødd 10. mai 1941) er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i tresteghopp. Han vart europameister i øvinga i 1966 med sitt livs lengste hopp; 16,67 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Under dei olympiske leikane i Tokyo i 1964 sette Stojkovski personleg rekord med 16,21 m i kvalifiseringa. I finalen stoppa han på 16,10 m og vart nummer sju. To år seinare forbetra han den bulgarske rekorden til 16,67 m då han vann gullmedaljen i friidretts-EM i Budapest. Han vann tittelen med ein centimeters forsprang på Hans-Jürgen Rückborn frå DDR, som også sette landsrekord.

I Mexico-byen vart Stojkovski nummer ni under OL 1968 med 16,46 meter i sluttprotokollen. Han presterte eit hopp på 16,39 meter i kvalifiseringa i EM 1969, men det vart berre 15,14 m og ein tolvte og sisteplass i finalen.

Stojkovski var bulgarsk meister i tresteghopp 1964-66 og 1968-71.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott-65 og Friidrott-69