Gerdi Schjelderup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerdi Schjelderup
Fødd10. august 1934 (89 år)
Verka somskodespelar, filmskodespelar

Gerdi Schjelderup (fødd 10. august 1934) er ein norsk skodespelar. Schjelderup studerte ved Royal Academy of Dramatic Art i London. Frå 1960 til 1964 var ho ved Trøndelag Teater. Så var ho fem år ved Rogaland Teater før ho vende attende til Trøndelag Teater i 1968 og vart verande der til ho gjekk av med pensjon i 2004.[1]

Ho hadde mindre roller i spelefilmane Dagny frå 1977 og Andre omgang frå 2007, og rollar i kortfilmane Bortreist for anledningen, En engel, Ediths glasslott og Fiin aargang og fjernsynsfilmen Turbulent sone.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Skuespillere: Gerdi Schjelderup». Nettstaden til Trøndelag Teater. Henta 4. desember 2011. 
  2. «Gerdi Schjelderup». imdb.com. Henta 4. desember 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]