Hopp til innhald

Gerh. Voldnes AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gerh.Voldnes AS, sjå også www.voldnes.no

Firmaet vart skipa i 1917 under namnet Floer & Br. Voldnes AS. Eigarar var Richard Floer jr frå Honningsvåg, og brørne Anders, Peder og Gerhard Voldnes frå Voldneset i Herøy på Sunnmøre.

Firmanamnet vart i 1944 endra til Gerh. Voldnes AS, etter Gerhard Voldnes som då hadde vorte eineeigar. Voldnes-konsernet som det etterkvart vart heitande dreiv først med tradisjonell handel av fisk og sild, men utover 1920 talet vart det satsa på sildolje.

Anlegget i Fosnavåg på Sunnmøre og anlegget i Storbukt i Honningsvåg vart då utbygd som sildoljefabrikkar. I 1936 vart hermetikkfabrikk etablert i Fosnavåg (Fosnavåg Canning co.) i 1938 ny sildoljefabrikk i Måløy (Måløy Sildoljefabrik AS). Verksemda var engasjerte i sildoljefabrikkar både i Vardø og Haugsholmen. Verksemda hadde òg reiarlag, bunkersanlegg, bilverkstad, bensinstasjon,fryseri,slipp, mekanisk verktad, skipsverft (Voldnes Skipsverft AS), skipshandel og hadde handel med koks og sand og sement.

Firmaet voks jamt og trutt frå 1930-åra og vart etter kvart landets største privateigde fiskerikonsern (1950- og 1960-talet). Ca. 1000 personar var tilsett der i sesongane fram til kring 1970.

Gerhard Voldnes vart i 1968 slått til riddar av St. Olav for sin innsats for norsk fiskerinæring. Gerhard Voldnes døydde i 1976.

Firmaet som i stor grad var tufta på fiskeria fekk problem på 1970 talet og måtte innskrenke. Mange av avdelingane vart etterkvart utskilt som eigne føretak.

I dag er firmaet eit kombinert eigedoms og konsulentselskap med base i kontorbygget frå 1938 i Fosnavåg. Gerh Voldnes AS var dei første her i landet til å byggje supplybåtar til det gryande oljeeventyret rundt 1970.