Ghawarfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ghawarfeltet er verdas største oljefelt. Det vart oppdaga i 1948 og ligg nordvest i Saudi-Arabia aust for Qatar. Dei påviste reservane er mellom 66 og 100 milliardar fat (Ultimate Recoverable Reserves (URR)). Utstrekninga er 280 gonger 30 kilometer, noko som er det største påviste mellom konvensjonelle oljefelt i verda, då ein her ikkje reknar med oljesand eller særs tung olje.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Feltet nådde ein dagleg produksjon på over 5 millionar fat på midten av 1970-talet og har halde seg der sidan. Ghawarfeltet produserer langt over halvparten av olja i Saudi-Arabia og utgjorde ca. 6,25 % av verdsproduksjonen i 2004. For å samanlika var den norske dagsproduksjonen av olje ca. 2,5 millionar fat i januar 2006. Den kumulative produksjonen utgjer sålangt rundleg 60 milliardar fat(basert på Croft).

Reservar[endre | endre wikiteksten]

I følgje styresmaktene i Saudi-Arabia er dei resterande, påviste reservane i feltet ca. 71 milliardar fat. Nokon kritikarar som Matthew Simmons meiner at feltet har nådd eller vil snart nå topproduksjon. Desse påstandane kjem mellom anna i boka Twilight in the Desert. Denne påstanden har vorte avvist av mellom andre leiaren av Saudi Aramco sin reservoaravdeling, Nansen Saleri. Det må seiast at lite er kjent om dei resterande reservar og eventuellt nedgang i produksjon då mesteparten av informasjonen om dette feltet kjem frå tredjepartskjelder.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]