Giana Romanova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giana Romanova
Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 10. mars 1954 (70 år)
Tsjuvasjia
Idrett friidrett
Tok del i

EM i friidrett 1978

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Giana Aleksandrovna Romanova (fødd 10. mars 1954) er ein ukrainsk tidlegare mellom- og langdistanseløpar som i 1978 vart europameister på 1500 meter. Ho representerte Sovjetunionen.

Romanova vann gull med det sovjetiske mannskapet i terrengløps-VM 1976, 1977 og 1980, i 1977 vart ho individuelt nummer 3. Ved EM i friidrett 1978 i Praha enda ho på femteplass på 3 000 meter med tida 8.45,7. Fem dagar seinare vann ho gullmedaljen på 1500 meter på livsbeste 3.59,0, sju tidels sekund føre Natalia Mărăşescu frå Romania. 12. juli 1980 sprang Romanova i Moskva sitt livs beste 3 000 meter då ho vart klokka inn på 8.41,8.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]