Gijón
Gijón | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Asturias | ||
Høgd | 3 m | ||
Areal | 184,31 km² | ||
Folketal | 268 561 (2024) | ||
Postnummer | 33200–33299 | ||
![]() Gijón 43°31′46″N 5°40′38″W / 43.52931°N 5.67732°W | |||
Wikimedia Commons: Gijón |
Gijón (asturisk Xixón) er ein kyst- og industriby i den autonome regionen Asturias i Spania.
I tidlege mellomalderdokument vert byen omtalt som Gigia. Han var ein viktig regionsby i Romarriket. Namnet vart opphavleg nytta om den vesle halvøya som i dag heiter Cimadevilla, og som tyder «toppen av landsbyen», mellom to strender. Hovudhamna, ei av dei største nord i Spania, heiter «El Musel». Gijón har kring 280 000 innbyggjarar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg på kysten i det sentrale Asturias og strekkjer seg frå havnivå og opp til 513 meter over havet ved Picu Samartín og 672 meter over havet ved Peña de los Cuatro Jueces. Han grenser i vest til Carreño, i aust til Villaviciosa og i sør til Siero og Llanera
Klima
[endre | endre wikiteksten]Gijón har eit atlantisk fuktig maritimt klima med milde temperaturtilhøve og høg luftfukt året gjennom. Somrane er varme med både overskya og solrike dagar, medan vintrane er kalde og regnfulle. Gijón har i snitt ti dagar med snø i året.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Rådhuset.
-
Playa de poniente.
-
Bronsekopi av statuen Augustus av Prima Porta på San Lorenzo-stranda.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gijón» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2009.