Gilgit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skardu
nastaliq گلگت
by
none  Utsyn frå Gilgit
Utsyn frå Gilgit
Land Flag of Pakistan.svg Pakistan
Distrikt Skardu
Folketal 10 000
Tidssone PST (UTC+5:00)
Gilgit nordaust i Pakistan
Gilgit nordaust i Pakistan
Wikimedia Commons: Gilgit

Gilgit er ein by nordaust i Pakistan som er provinshovudstad for Gilgit-Baltistan og hovudby for Gilgit-distriktet. Han har ca. 10 000 innbyggjarar (2007), og er den einaste større byen i den nordlege delen av Pakistan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gilgit var ein viktig by ved Silkevegen, og var ei rute for buddhismen til å bli formidla frå Sør-Asia til resten av Asia.[1] I fleire hundreår styrte det lokale Trakhàn-dynastiet over byen. Det enda om lag 1810 då radja Abas, den siste Trakhàn-herskaren, døydde.[1]

Rikdommen i området blei øydelagd av fleire tiår med krig og ein storflaum i 1841, då Indus blei sperra av eit ras nedanfor Hatu Pir og dalen blei demma opp.[2] Etter at Abas døydde blei Gilgit erobra av Sulaiman Shah, radjaen av Yasin-dalen. Radjaen av Punial, Azad Khan, drap så Sulaiman Shah og tok Gilgit, før det same skjedde med han då Tair Shah, radjaen av Buroshall (Nagar-dalen), tok makta. Sonen hans Shah Sakandar arva området, men blei avsett og drepen av Gaur Rahman, radjaen av Yasin. I 1842 tvinga bror til Shah Sakandar, Karim Khan, Gaur Rahman til å flykta med hjelp frå Sikh-føderasjonen. Sikh-generalen Nathu Shah lét troppar vakta staden, og Karim Khan herska over Gilgit fram til byen blei overgjeven til Gulab Singh av Jammu og Kashmir i 1846 gjennom Amritsar-traktaten.[1]

I 1848 gjekk fyrstestaten Hunza til åtak på staden. Herskarane blei drepne, men Hunza-styrkene blei rask drivne ut av dogra-troppan til Gulab Singh. Eit folkeleg opprør dreiv ut dei nye herskarane i 1852, og Gaur Rahman herska til han døydde i 1860. Deretter tok nye dogra-styrkar sende av Ranbir Singh, son av Gulab Singh, festningen og byen tilbake.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Frederick Drew (1875) The Jummoo and Kashmir Territories: A Geographical Account E. Stanford, London, OCLC 1581591. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. «Imperial Gazetteer2 of India, Volume 12 – Imperial Gazetteer of India – Digital South Asia Library». Dsal.uchicago.edu. 18 February 2013. p. 238. http://dsal.uchicago.edu/reference/gazetteer/pager.html?objectid=DS405.1.I34_V12_244.gif. Henta 22 November 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gilgit

Koordinatar: 35°55′18.71″N 74°17′21.15″E

Spire Denne geografiartikkelen som har med Pakistan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.