Gillian Welch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gillian Welch
Gil-welch-fls.jpg
Gillian Welch spelar på MerleFest i 2007
Fødd2. oktober 1967 (52 år)
FødestadNew York City i New York i USA
OpphavUSA
Aktiv1991–
Sjangerbluegrass, americana, country
Instrumentsynging, akustisk gitar, banjo, trommer
Kjende instrument1956 Gibson J-50
Tilknytte artistarDave Rawlings Machine, Old Crow Medicine Show
PlateselskapAlmo Sounds
Verka somSongar-låtskrivar

Gillian Welch (fødd 2. oktober 1967) er ein amerikansk songar-låtskrivar. Ho spelar som regel i lag med den musikalske partnaren sin, gitaristen David Rawlings. Den enkle og mørke musikkstilen, som kombinerer element frå appalachisk musikk, bluegrass og americana vart av The New Yorker skildra som «umiddelbar stemningskapande og minner om ei fortid på landsbygda».<[1]

Welch og Rawlings har gjeve ut fem kritikarroste album. Debutplata Revival frå 1996 og Time (The Revelator) frå 2++1 vart begge nominerte til Grammy-prisen for beste visealbum. Albumet Soul Journey frå 2003 introduserte elektrisk gitar, trommer og ein meir livleg stil. Etter ein pause på åtte år kom det femte studioalbumet deira, The Harrow & The Harvest, i 2011, som òg vart nominert til Grammy-prisen.

Welch var produsent og framførte to songar på O Brother, Where Art Thou?, eit album som selde til platina og som vann Grammy-prisen for årets album i 2002. Welch har samarbeidd med andre musikarar som Alison Krauss, Ryan Adams, Jay Farrar, Emmylou Harris, The Decemberists, Mark Knopfler og Ani DiFranco.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilkinson, Alec (20 September 2004). «The Ghostly Ones». The New Yorker. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]