Giorgi-systemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Giorgi-systemet er eit koherent einingssystem særskild for bruk innan elektromagnetisme, foreslått av italieneren Giovanni Giorgi i 1901. Grunneiningane er sekund, meter, ampere og volt. Giorgi viste at systemet òg dekte mekanikk, med watt som felles eining både for mekanisk og elektrisk energi og kilogram som masseeining. Seinare foreslo han kilogram som grunneining i staden for volt. Systemet danna grunnlaget for MKSA-systemet som inngår i SI-systemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Giorgi-systemet. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 9. november 2013 frå http://snl.no/Giorgi-systemet.