Koherent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koherent er eit omgrep i fysikken som tyder samanhengande.

Koherente svingingar vil seie to eller fleire svingingar som vedvarande føregår med same frekvens, slik at ein alltid har éit og same faseforhold mellom dei. Koherent ljos oppstår når ein lysstråle delast i to, anten med blendarar eller ved at ein stråle dels slepp igjennom, dels blir reflektert av ei halvgjennomsiktig plate. Vanleg ljos gjev ved slik oppsplitting lita grad av koherens fordi bølgjetoga som er forbunde med kvart enkelt lyskvant, er særs korte. Høg grad av koherens, lange koherente bølgjetog, oppnår ein med laserar. Berre koherent ljos kan gje interferensbilete, og ljos frå laserar er difor spesielt eigna for studium av interferensfenomen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]