Gips

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Gips
SeleniteGypsumUSGOV.jpg
Trådaktig gips-selenitt som syner at det kan vere gjennomskineleg.
Generelt
Kategori Sulfatmineral
Kjemisk formel CaSO4·2H2O
Strunz-klassifisering 07.CD.40
Krystallsymmetri Monoklin 2/m
Einingscelle a = 5.679(5) Å, b = 15.202(14) Å, c = 6.522(6) Å; β = 118.43°; Z=4
Identifikasjon
Farge Fargelaus til kvit; kan vere gul, gyllenbrunt, blå, rosa, brun, raudbrun eller grå på grunn av ureinleikar
Krystallform Massiv, flat. langstrekte og generelt prismatiske krystallar
Krystallsystem Monoklin 2/m – prismatisk
Tvilling Særs vanleg på {110}
Kløyv perfekt på {010}, tydeleg på {100}
Brot Muslig på {100}, splintra parallell til [001]
Fastleik Fleksibel, uelastisk.
Mohs hardleiksskala 1.5–2 (defining mineral for 2)
Glans glasaktig til silkeaktig, perleaktig, eller voksaktig
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt 2.31–2.33
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Toaksa (+)
Brytingsindeks nα = 1.519–1.521
nβ = 1.522–1.523
nγ = 1.529–1.530
Dobbeltbryting δ = 0.010
Pleokroisme Ingen
2V-vinkel 58°
Smeltbarheit 5
Oppløyselegheit Varm, fortynna saltsyre
Kjelder [1][2][3]

Gips er eit mineral som særleg blir danna ved inndamping av sjøvatn, og som difor finst i sedimentære avsetningar og i samband med saltleier. Det kan òg dannast ved vulkansk aktivitet (varmekjelder), ved oksidasjon av sulfidhaldige malm og som efflorescens i jord eller kalksteinsholer.

Kjemisk sett er gips eit vasshaldig kalsiumsulfat. Velkrystallisert gips blir kalla selenitt, ein fibrig variant er silkespat, og tett, finkorna gips blir kalla alabast .

Det finst gips i Noreg i mindre mengder i sprekker i alunskifer i Oslofeltet og einskilde kisførekomstar i Løkken og Sulitjelma. Det finst òg i Søftestad gruver i Telemark. På Spitsbergen er gips saman med anhydritt særs utbreidd i sedimentlag frå karbon og permtida.

I verda vert det produsert kring 90 millionar tonn gips per år. Dei største produsentane er USA, Canada, Iran, Kina og Japan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar. (2013, 16. januar). Gips. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/gips.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gips