Gjærsag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manuell gjærsag.
Elektrisk, motordriven gjærsag.

Gjærsag er ei sag med utstyr til å kappe lister og anna smådimensjonert virke i nøyaktige vinklar for å kunne sette to delar saman som eit hjørne i høve til kvarandre. Dette kallast å gjære.

Det same kan gjerast ved hjelp av ei sag og ei gjærkasse. Men den spesielle gjærsaga har den føremonen at ein ikkje er bunden til å kappe i vinklar som er fastsette på førehand, slik ein er tvungen til når ein nyttar ei gjærkasse. Ei motordriven gjærsag har dessutan sjølvsagt større kapasitet enn ei handsag.